Vriessundet

Kart over Kurilane med Vriessundet avmerkt (пр.Фриза).
Vriessundet eller Miyabelinja er eit sund mellom dei to største øyane i Kurilane. Det ligg mellom nordaustsida av Iturup og sørvestsida av Urup, og knyt Okhotskhavet i vest til det opne Stillehavet i aust. Sundet er 42 km breitt.
Sundet er kalla opp etter den nederlandske utforskaren Maarten Gerritsz Vries, den første kjende europearen som utforska området i 1643.[1]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Vries Strait» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2008.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ sakhalin.ru
Plassering
Koordinatar:

|