Svelgen
| Svelgen | |
| stad | |
| Land | |
|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Bremanger |
| Areal | 1 km² |
| Folketal | 1 233 (2017) |
| Folketettleik | 1 233 / km² |
Postnummer | 6723 SVELGEN |
Wikimedia Commons: Svelgen | |
Svelgen er ein industristad og administrasjonssenter i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane fylke, og ein av dei tettstadene i Noreg med mest nedbør.
Svelgen er eit ganske nytt namn på området inst i Nordgulen. Tidleg på 1900-talet såg folk potensialet i bygda til industriutbygging ved hjelp av vasskraft. Industrien tok raskt til og tettstaden auka i folketal fram til byrjinga av 1980-talet med om lag 1 500 innbyggjarar, men i dag er industrien ikkje så omfattande som han ein gong var. Elkem er eigar av verket i Svelgen.
Innhaldsliste
1 Stadnamn i Svelgen
2 Fjell rundt Svelgen
3 Folketalsutvikling
4 Kjelder
4.1 Fotnotar
5 Bakgrunnsstoff
Stadnamn i Svelgen |
- Breivika
- Kvelve
- Langeneset
- Mevika
- Naustneset
- Rise
- Sande
- Villabakken
- Hola
Fjell rundt Svelgen |
- Keipen
- Sandsegga
- Kruna
- Maritinden
Folketalsutvikling |
Folketalsutvikling på Svelgen | ||||
|---|---|---|---|---|
| År | Innbyggjarar | |||
| 1920 | 257 | |||
| 1930 | 328 | |||
| 1946 | 518 | |||
| 1950 | 532 | |||
| 1960 | 975 | |||
| 1970 | 1 527 | |||
| 1980 | 1 679 | |||
| 1990 | 1 367 | |||
| 2000 | 1 164 | |||
| 2009 | 1 189 | |||
| 2012 | 1 224 | |||
| Kjelder: SSB: Norske folketeljingar | ||||
Kjelder |
Fotnotar |
Bakgrunnsstoff |
Svelgen.no
Denne Sogn og Fjordaneartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|