Mandsjuria

Multi tool use

Kart over det historiske og dagens Mandsjuria
Mandsjuria (kinesisk: 滿洲; pinyin: Mǎnzhōu) er eit geografisk område på i kring 780 000 km² i det nordaustre Kina, og som svarar omtrent til provinsane Heilongjiang, Jilin og Liaoning. Over 90% av dei vel 110 millionar ibuarane er han-kinesiske, nokre få prosent er mandsjuar og koreanarar.
Mandsjuria grensar i nord og aust mot Sovjetunionen, i søraust mot Nord-Korea, i sør mot Gulehavet, i sørvest mot Hubei-provinsen og i vest mot Indre Mongolia. Det meste av området består av ei vid, kupert slette, 50-200 meter over havet, omkransa av skogkledde fjell. Området er rikt på mineralar.
Soge |
Mandsjuarar erobra Kina i 1644 og danna eit dynasti som rådde i keisarriket til 1912, noko som knytte Mandsjuria til Kina for framtida. Då Tsar-Russland ekspanderte i det austlege Sibir på 1800-talet, vart mandsjuiske landområde nord for Amur i 1860 avstått til Russland. Etter den russisk-japanske krigen 1894-95 tvinga Russland seg til omfattande særrettar i Mandsjuria, rettar som Japan i stor mun tok over etter den russisk-japanske krig 1904-05 fekk eit anna utfall enn den førre krigen. For å motverke utlendingane si makt utnemnde den kinesiske keisaren ein visekonge over Mandsjuria, og oppmuntra han-kinesarar til å flytte dit. Då ein borgarkrig braut ut i Kina i 1911, mista den kinesiske sentralmakta kontrollen over Mandsjuria og krigsherren/røvargeneralen Zhang Zuolin rådde over landområdet. Japan invaderte Mandsjuria i 1931 og danna i 1934 lydriket Mandsjukuo, som bestod til 1945. Mandsjuria vart tilbakeført til Kina i 1946.
Kjelder |
- Gylderndals store konversasjonsleksikon. 1972
uUgmH VjPk t s,P0
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...