Brunost er ei samlenemning på ostar som har ein brunleg farge og er laga av myse, det vil seie det som er att av mjølka etter at ostestoffet er brukt til kvitost. Dei kan òg kallast geitost (sjølv om det finst kvit geitost). Velkjende typar brunost er fløytemysost og gudbrandsdalsost. Brunosten er halvfast og har smaksnyansar som sjokolade og karamell. I Sverige er ostetypen kjend som mesost.
Innhaldsliste
1Produksjon
2Bruk
3Brune ostar
4Bakgrunnsstoff
Produksjon |
Dei fleste brunostane blir laga av ei blanding av ku- og geitemjølk, medan nokre variantar baserer seg på berre ein av delane. Smaken vert mildare di meir kumjølk som vert brukt. Smaken er oftast kraftigare og skarpare enn vanleg, fersk kvit eller gul ost.
Ein lager osten ved å setja mjølk og fløyte til myse. Denne blandinga blir kokt forsiktig i fleire timar slik at vatnet fordampar. Varmen gjer mjølkesukkeret til karamell. Brunost er oftast svært søt, men lite proteinrik samanlikna med kvitost.
Dersom ein avbryt kokinga før osten er ferdig får ein prim, ein slags mjuk, smørbar brunost.
Bruk |
Brunost er mest brukt som pålegg, men kan òg brukast med hell i sausar, ofte saman med einebær, der han gjev ein svak karamellsmak.
Brune ostar |
Fløytemysost: Vert laga av kumjølk. Ingrediensane er myse, mjølk og fløyte.
Geitost: Ingrediensane er geitmyse, geitefløyte og geitemjølk.
Gudbrandsdalsost: Geitemysost frå Gudbrandsdalen ca. 1860. Ingrediensane er myse, geitemjølk, fløyte og mjølk.
Misværost, ein nordlandsk variant av gudbrandsdalsost
Heimelaga geitost.
Fløytemysost-type frå Synnøve Finden.
Gudbrandsdalsost-type frå Synnøve Finden.
Misværost, nordlandsvarianten av gudbrandsdalsost produsert av Tine.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...