Gudbrandsdalsost






Gudbrandsdalsost-type frå Synnøve Finden produsert i Østerdalen.


Gudbrandsdalsost er ein type brunost som først vart laga av Anne Hov på Solbråsætra i Sør-Fron kommune i byrjinga av 1860-åra.


Osten er brunraud av farge og er laga av myse, fløyte og mjølk frå ku og geit. Ettersom setra han kom frå ligg i Gudbrandsdalen, blei osten kalla gudbrandsdalsost. På døl blir han kalla rauost (raudost).


Anne Hov fekk Kongens Fortjenstmedalje i sølv i 1933 for oppfinninga si. Da var ho 87 år gammal.


Osten blir i dag produsert mange stader i landet, i Gudbrandsdalen berre ved Lom og Skjåk ysteri. Ysteriet ligg i Skjåk, like ved kommunegrensa til Lom.







Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal