Columba
Columba | ||
Ringdue, Columba palumbus Foto: Wikimedia-brukar Zyuza | ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Columbiformes | |
Familie: | Columbidae | |
| Slekt: | Columba | |
Vitskapleg namn | ||
| Columba Linné, 1758 | ||
Den store fugleslekta Columba består av ei gruppe av middels til store, kraftig bygde duer, ofte referert til som dei typiske duene. Arten som ofte vert referert til berre som «dua» er bydue (C. livia domestica). Byduer vart ein gong avla frå arten klippedue, Columba livia, noko som òg har gjeve opphav til dei fleste domestiserte dueraser, slik som brevduer. Ringdue, Columba palumbus, engelsk 'Common Wood-Pigeon', blir somme tider kalt for skogduer og forveksla med arten med det norske namnet skogdue, Columba oenas.
Slik som inndelinga av duer til slekta Columba blir gjort i dag, er slekta avgrensa til «den gamle verda», men nokre fuglar, spesielt domistiserte og forvilla klippeduer, har blitt introduserte utanfor det naturlege utbredelsesområdet sitt, til dømes i Amerika.
Etymologi |
Omgrepet columba kjem frå det latinske columba, «ei due»,[1] og er den feminine forma av columbus, «ei mannleg due»,[2] sjølv om latinisering av det greske κόλυμβος (kolumbos), «dukkar»,[3] som stammar frå verbet κολυμβάω (kolumbaō), tyder å dukke, stupe hovudstups, eller symje.[4] Den feminine forma for kolumbos, κολυμβίς (kolumbis), «dukkar»,[5] blei brukt av Aristofanes og andre om klippeduer i Hellas på grunn av dei symjande rørslene dei gjer med vengene når dei flyg.[6]
Systematikk |
Tidlegare var òg liknande duer i Amerika medlemmer av Columba, men er i dag skilde ut i si eiga slekt Patagioenas. At den amerikanske utviklingslinja utgjer ei distinkt avstamming er no synt ut frå molekylære prov; faktisk er Patagioenas-duene fylogenetisk basale til splitten mellom Columba-duer og Streptopelia-duer.
Artslista |
Columba-duer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[8]
Klippedue, Columba livia, Rock Pigeon, LC, Gmelin, 1789
Steindue, Columba rupestris, Hill Pigeon, LC, Pallas, 1811
Snødue, Columba leuconota, Snow Pigeon, LC, Vigors, 1831
Spragledue, Columba guinea, Speckled Pigeon, LC, Linné, 1758
Etiopiadue, Columba albitorques, White-collared Pigeon, LC, Rüppell, 1837
Skogdue, Columba oenas, Stock Dove, LC, Linné, 1758
Morbærdue, Columba eversmanni, Pale-backed Pigeon, VU, Bonaparte, 1856
Somalidue, Columba oliviae, Somali Pigeon, DD, Clarke, 1918
Ringdue, Columba palumbus, Common Wood-Pigeon, LC, Linné, 1758
Madeiradue, Columba trocaz, Trocaz Pigeon, LC, Heineken, 1829
Kanaridue, Columba bollii, Bolle's Pigeon, LC, Godman, 1872
Skiferdue, Columba unicincta, Afep Pigeon, LC, Cassin, 1860
Laurbærdue, Columba junoniae, Laurel Pigeon, NT, Hartert, 1916
Gulbrilledue, Columba arquatrix, Rameron Pigeon, LC, Temminck, 1809
Flekkpurpurdue, Columba sjostedti, Cameroon Pigeon, LC, Reichenow, 1901
Saotomédue, Columba thomensis, Maroon Pigeon, EN, Barboza du Bocage, 1888
Krittnakkedue, Columba delegorguei, Delegorgue's Pigeon, LC, Delegorgue, 1847
Bronsenakkedue, Columba iriditorques, Bronze-naped Pigeon, LC, Cassin, 1856
Glansnakkedue, Columba malherbii, Sao Tome Pigeon, NT, Verreaux & Verreaux, 1851
Trolldue, Columba larvata, Lemon Dove, LC, Temminck, 1809
Saotométrolldue, Columba simplex, Forest Dove, NR, Hartlaub, 1849
Komordue, Columba pollenii, Comoro Pigeon, NT, Schlegel, 1866
Sølvhovuddue, Columba hodgsonii, Speckled Wood-Pigeon, LC, Vigors, 1832
Kvitnakkedue, Columba albinucha, White-naped Pigeon, NT, Sassi, 1911
Kragedue, Columba pulchricollis, Ashy Wood-Pigeon, LC, Blyth, 1846
Nilgiridue, Columba elphinstonii, Nilgiri Wood-Pigeon, VU, Sykes, 1833
Singalesardue, Columba torringtoniae, Sri Lanka Wood-Pigeon, VU, Blyth & Kelaart, 1853
Bleikkronedue, Columba punicea, Pale-capped Pigeon, VU, Blyth, 1842
Sølvdue, Columba argentina, Silvery Wood-Pigeon, CR, Bonaparte, 1855
Andamandue, Columba palumboides, Andaman Wood-Pigeon, NT, Hume, 1873
Mikadodue, Columba janthina, Japanese Wood-Pigeon, NT, Temminck, 1830
Kvitstrupedue, Columba vitiensis, Metallic Pigeon, LC, Quoy & Gaimard, 1830
Dronningdue, Columba leucomela, White-headed Pigeon, LC, Temminck, 1821
Praktdue, Columba pallidiceps, Yellow-legged Pigeon, VU, Ramsay, 1877
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Columba» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2015.
Referansar |
↑ columba,
Charlton T. Lewis, Charles Short, A Latin Dictionary, hos Perseus Digital Library, Tufts University
↑ columbus, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, hos Perseus
↑ κόλυμβος, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, hos Perseus
↑ κολυμβάω, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, hos Perseus
↑ κολυμβίς,
Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, hos Perseus
↑ Aristophanes, Birds, 304, hos Perseus
↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. januar 2015
↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)