Eilean an Taighe
Frå Eilean Garbh til Eilean an Taighe til høgre og Eilean Mhuire i bakgrunnen.
Strand mellom dei to hovudøyane i Shiant Isles (Garbh Eilean og Eilean an Taighe)
Eilean an T(a)ighe eller Eilean an T(a)igh, som tyder «heimøya», er ei øy i Shiant Isles i Ytre Hebridane i Skottland. Eit eid knyt ho til Garbh Eilean og begge dannar ei enkelt øy.
Historie |
Før 1820-åra vart øya kalla Eilean na Cille («kyrkjeøya»)[1] og det er spor etter ei kyrkje her, kanskje tileigna Jomfru Maria. [2][3]Eilean Mhuire, ein av dei andre øyane i Shiant Isles har fått namn etter Jomfru Maria.
Det budde førti menneske her på midten av 1700-talet, men i 1770 var det ingen att. I 1820-åra budde ein gjetar og kona hans her, men dei hadde òg forlate øya i 1842. Ein annan gjetarfamilie budde her frå 1862 til 1901.
I 1937 vart øyane kjøpt av Nigel Nicolson, ein forfattar og politikar. Øyane er framleis i privat eige.
Bakgrunnsstoff |
- Side om Shiant Isles
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Eilean an Taighe» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2010.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Haswell-Smith (2004) s. 275-76.
↑ Haswell-Smith (2004) s. 277-78.
↑ «Shiant Islands». Henta 25. februar 2010.
Koordinatar: