Øvstebø i Bergen






























Øvstebø
stad

Øvstebø, Fana.jpg

Øvstebø

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Hordaland

Kommune

Bergen



Postnummer
5229 KALANDSEIDET


Wikimedia Commons: Øvstebø


Øvstebø (òg skrive Øfstebø) er ein gard i Fana i Bergen kommune ved Dyrdalselva, sørvest for Dyrdalsvatnet.


Det er framleis gardsdrift på garden.




Innhaldsliste






  • 1 Namn


  • 2 Historie


  • 3 Geografi


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Namn |


Namnet kjem frå norrønt Òfstibær, som tyder «den øvste garden».


Øvstebøvegen, er kalla opp etter garden.



Historie |


Garden høyrte i mellomalderen til Nonneseter kloster fram til Vincens Lunge tok over i 1528. Seinare høyrte garden til Lungegårdsgodset.



Geografi |


Garden omfattar det meste av den øvste Dyrdalen og fjellområda kring Dyrdalsvatnet (436 moh) mellom Hausdalshorga (775 moh) i aust, Austefjellet (808 moh) i nordaust, Nobbane (713 moh) og Slettegga i vest. Sjølve gardsbruket ligg heilt sør i området.


Garden grensar til Unneland i nord, Hausdal i aust, Samdal i sør og Lund i vest.



Kjelder |




  • Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4. 

  • Bergenskart - stednavnskart



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Øvstebø i Bergen








Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal