Fylkesveg 63





Sjå òg fylkesveg 63 (fleirtyding).





























Fylkesveg 63

63
{{{namn}}}
Strekning

Rauma – Skjåk

Fylkesveg 63

Riksveier Oppland Møre og Romsdal.svg
Informasjon
Lengd
103,6 km
Ferjestrekningar
2
Tilstøytande vegar

Riksvei E 136.svg  650 Riksvei 15.svg 
Restriksjonar
Vinterstenging
Trollstigen
(oktober - mai)
Vinterstenging
Geiranger - Langvatn
(november - mai)

Fylkesveg 63 (Fv63) er ein veg som går mellom Åndalsnes i Rauma kommune og Langevatn i Skjåk kommune. Vegen er 103,6 km lang utanom ferjestrekninga, av dette 101 km i Møre og Romsdal og 2,6 km i Oppland. Vegstrekninga omfattar dei tre kjende fjellovergangane Trollstigen (opna 1936), Ørnevegen (opna 1956) og Geirangervegen (opna 1889).


Vegen forlèt E 136 ved Sogge bru sør for Åndalsnes, følgjer Isterdalen som Trollstigvegen, vidare gjennom Meierdalen og Valldal til tettstaden Sylte ved fjorden og vidare til ferjestaden Linge. Gjennom Valldal kryssar vegen storelva (Valldøla) ved Alstad (Gudbrandsjuvet), Hol, Uri og Muri. frå Linge går det ferje over Norddalsfjorden til Eidsdal, traséen held fram over Korsmyra og ned Ørnevegen til Geiranger. Frå her startar Geirangervegen som går opp forbi Dalsnibba til Langevatn der han møter Rv15. Han er vinterstengd mellom Geiranger og Langevatn og over Trollstigen. Vegen er asfaltert og har varierande breidde (eitt køyrefelt på det smalaste). Særleg dei tre fjellovergangane på strekninga har skarpe kurvar og fleire hårnålssvingar.


Ferjestrekninga Eidsdal-Linge er del av vegen, i tillegg knyter turistferga Geiranger-Hellesylt vegen til Fylkesveg 60 ved Hellesylt.


Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, men har no status som fylkesveg etter at forvaltingsreforma trod i kraft.




Innhaldsliste






  • 1 Nasjonal turistveg


  • 2 Historie


    • 2.1 Tidsline




  • 3 Kommunar og knutepunkt


    • 3.1 Møre og Romsdal


    • 3.2 Oppland




  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Referanser





Nasjonal turistveg |



Heile vegen har status som Nasjonal turistveg Geiranger - Trollstigen.

Vegen var tidlegare ein del av reiselivsproduktet The Golden Route, og er no utpeikt som nasjonal turistveg av vegstyresmaktene.[1] Geiranger-Trollstigen vart offisielt innvia (av samferdselsminister Kleppa) som nasjonal turistveg med ein seremoni på Stigrøra (Trollstigplatået) 16.juni 2012. Dette var samtidig ei offisiell markering av dei 17 andre nasjonale turistvegane.[2][3] Nettsidene for nasjonale turistvegar karakteriserer vegen slik «norsk vestlandsnatur på sitt sterkaste og byr på utsikt over stupbratte fjell, djupe fjordar og frodige dalføre.» «Dette er eit monument som blir ståande som historisk inn i framtida», sa Kleppa om det nye besøkssenteret på Stigrøra.[4]



Historie |




MF «Geiranger» trafikerte Geiranger-Valldal frå 1937


Oppover Valldal var det i 1827 køyreveg berre til Skjersura ved Alstad, etter vegarbeid frå 1820 var vegen gjennom Skjersura farande med vogn i 1840.[5] 60 år seinare var det god bygdeveg frå Sylte til Langdal og såvidt køyrande til Øvstestølen. Ridevegen over «Stegafjellet» (Trollstigen) var ferdig i 1913.[6] Vegen gjennom Valldal fekk nye bruer først Gudbrands bru (Gudbrandsjuvet) i 1919, Hoel bru 1921, Uri bru 1924 og Krike bru i 1927. Desse bruene vart del av strevet med å få til køyrande veg over fjellet til Åndalsnes (Trollstigen), vegen over fjellet var ferdig i 1936.[7]


Før Trollstigen vart opna i 1936 var Geirangervegen den einaste samanhengande køyrevegen på det som no er fylkesveg 63. Trollstigen knytte Valldal til Åndalsnes med Raumabanen og veg over Lesja til Austlandet. Før Trollstigen var Valldal utan køyreveg til omverda. Ørnevegen opna i 1956 og før den tid hadde Geiranger og Valldal ferjesamband (ferjestaden var Sylte). Frå 1956 vart det direkte veg mellom Åndalsnes og Geiranger berre avbrote av den korte ferjeturen over Norddalsfjorden. Ferjesambandet Linge-Eidsdal opna i 1967.[8]



Tidsline |




Hol bru oppført i 1921 er fortsatt i bruk



  • 1776: Første kjente anleggsarbeid i Trollstigen

  • 1840: Veg køyrande med vogn til Langdal[5]

  • 1857: Arbeid på Geirangervegen tok til

  • 1889: Geirangervegen (til Grotli) opna

  • 1913: Rideveg over «Stegafjellet» (Trollstigen) ferdig

  • 1916: Arbeid på køyrevegen Valldalen-Romsdalen tok til

  • 1924: Raumabanen opna

  • 1930: Dei nye køyrevegane gjennom Valldal og Isterdal ferdig (Sylte-Øvstestøl og Sogge-Bøseter)

  • 1936: Trollstigen opna

  • 1939/1948: Vegen til Dalsnibba ferdig/opna

  • 1956: Ørnevegen opna

  • 1967: Ferjekaia flytta frå Sylte til Linge

  • 1977: Ny veg over Strynefjellet innkortar Geirangervegen

  • 2012: Nasjonal turistveg



Kommunar og knutepunkt |



Møre og Romsdal våpen.svgMøre og Romsdal |




Utsikt frå Trollstigen mot Åndalsnes


Rauma kommune




  • Riksvei E 136.svg  bro Sogge bru


  • Fv174 frå Soggeberget til Riksvei E 136.svg  Raumabrua (4,7 km)


  • stengt Hanekamhaug, bom for vinterstenging


  • severdighet Trollstigvegen


  • severdighet Kløvstien (gammal sti)


  • severdighetbro Stigfossen


  • severdighet Stigrøra (utsiktsplattform)




Alnesreset med kommunegrense



  • info Alnesreset, det høgaste punktet på strekninga (850 moh.), kommunegrense

Norddal kommune


  • Øvstestøl (seter/hyttegrend)


  • stengt Langdal, bom for vinterstenging

  • Valldal


  • severdighet Skjerdsura


  • severdighetbro Gudbrandsjuvet


  • Fv95 frå Holsbrua til Uribrua (6,8 km)




Ferja frå Linge til Eidsdal




  • severdighetbro Holsbrua


  • bro Myklebustbrua


  • bro Uribrua


  • Fv95 Uribrua

  • Sylte i Valldal


  • Fv92 frå Sylte til Fjørå og Tafjord


  • ferje Ferje frå Sylte i Valldal til Geiranger (15. juni - 15. august, 2 turar/dag)


  • bro Muribrua (mellom Sylte og Muri)


  • 650 Linge → retning Ålesund. Einaste samband om vinteren.


  • ferje Ferje frå Linge

  • til Eidsdal (10 min, tre turar/time)


  • Fv91 frå Eidsdal til Norddal (Dalsbygda)




Utsikt frå Dalsnibba mot Geiranger



  • tunnel Oppskredtunnelen (600 m) info det høgaste punktet på strekninga (624 moh.)

Stranda kommune



  • severdighet Ørnevegen

  • Geiranger


  • 60 ferje ferje frå Geiranger til Hellesylt (1. mai - 30. september, 8 turar/dag)


  • severdighet Flydalsjuvet


  • stengt Oplenskedal, bom for vinterstenging


  • severdighet Geirangervegen

  • Veg frå Djupvasshytta til severdighet Dalsnibba


  • info Djupvatnet, det høgaste punktet på strekninga (1038 moh.)




Ved Djupvasshytta rett etter opning



Oppland våpen.svgOppland |


Skjåk kommune



  • stengt Langevatn, bom for vinterstenging


  • Riksvei 15.svg  Langevatn




Bakgrunnsstoff |



  • Statens vegvesen – trafikkmeldingar Fv63

  • Statens vegvesen – trafikkmeldingar



  • Møre og Romsdal Fylkesbaatane

  • Ferje Eidsdal - Linge



Referanser |





  1. http://www.nasjonaleturistveger.no/no/geiranger-trollstigen


  2. Romsdals Budstikke på nett 16.juni 2012 http://www.rbnett.no/nyheter/article474628.ece


  3. NRK http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8204422 (lest 17.juni 2012)


  4. NRK http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8204422


  5. 5,05,1 Grunn og Gror. Kultursoge for Norddal. Redigert av Ivar Kleiva. Utgjeve i Valldal 1976.


  6. Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år. Valldal: Norddal kommune.


  7. Statens vegvesen, Møre og Romsdal (2001): Vegminner i Møre og Romsdal fylke.


  8. Torvik, Arne Inge: Om samferdsel i Møre og Romsdal. Molde: MRF, 2000.









Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva