Splügenpasset

Multi tool use

Oppstigninga til Splügenpasset frå den sveitsiske sida
Splügenpasset er ein fjellovergang på 2113 meter over havet, mellom den sveitsiske dalen Rheinwald i kantonen Graubünden og den italienske dalen Valchiavenna i regionen Lombardia. Landsbyen Splügen ligg på nordsida, 6 km unna, og har gitt namn til passet. Fjellovergangen er enkel å nå frå nordsida, der det stig jamnt ei 600 høgdemeter frå Splügen og fram til passhøgda. På sørsida er det bratt ned den øvste delen. Høgdeforskjellen mellom Chiavenna, som ligg 30 km sør for passet, og passhøgda er 1 800 m.
Soge |
Passet har vore kjent frå romartida. Kløvveg for pakkhestar og -muldyr vart opparbeidd på 1200-talet. Transport av varer over Splügenpasset var ei viktig inntektskjelde for folk både i Rheinwald og i Valchiavenna. Splügenpasset var lenge mindre brukt enn Settimopasset. Dette endra seg då Viamala, eit til då uframkomeleg juv ved inngangen til Hinterrheindalen vart opna. Ruta via Schams, Hinterrhein og Splügenpasset vart då greiare enn ruta via Churwalden og Settimopasset. Passtaten Graubünden kontrollerte Splügenpasset i lang tid ved å gjere Valchiavenna på sørsida til ein vasallstat (Untertanenland). Dette varte til 1797.
Den første passvegen vart bygt mellom 1818 og 1823. Dermed var vegen over Splügenpasset Sveits sin andre passveg gjennom Alpane, nest etter Simplonpasset. I dei fylgjande tiåra var Splügenpasset eit av dei mest trafikkerte alpepassa. Etter opninga av jarnbanestrekningane over Brennerpasset i 1867, under Mont Cenis-passet i 1872 og under Sankt Gotthard-passet i 1882, spela Splügenpasset ei mindre rolle som ferdselsåre.
Kjelde |
- Denne artikkelen bygger på «Splügenpasset» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2010.
k5,7ZDEmXjLt7LOP7vCh2qprFXlmJqnrzXeFdWImu,yA1CvTekv5yn HyTf LRTNXg0b2E8Z9sHhmc1shdkNJ68FRUY
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...