Hrodna

Multi tool use
Multi tool use






Hrodna




Bykart over Grodno i 1575




Hrodnas plassering i Kviterussland


Hrodna, polsk: Grodno, er ein by i det vestlege Kviterussland ved elva Nemunas med i kring 353 000 ibuarar (2013). Byen, som er hovudstad i Hrodnas voblast, er i folketal den femste største i landet.



Soge |


Grodno er ein gammal litauisk by, grunnlagd i 1127. Under den store nordiske krigen kringsette ein svensk hær byen i 1706. Den polske riksdagen skreiv i 1793 under vedtaket om Polens andre deling i byen, og Polens siste konge, Stanislaus August, la ned krona den 25. november 1795.


Under det russiske imperiet var Grodno hovudstad i guvernementet Grodno med 46 919 ibuarar i år 1897. Byen høyrde til det jødiske busetjingsområdet i Tsar-Russland, omkring halvparten bybuarane var jødiske.


Frå 1921 til 1939 høyrde byen til den andre polske republikken. Under den polsk-sovjetiske krigen i 1939 vart Hrodna innlemma i sovjetrepublikken Kviterussland. Frå slutten av juni 1941 til juli 1944 var byen okkupert av tyske hærstyrkar, i desse åra vart dei aller fleste jødane send til dei tyske konsentrasjonsleirane. Periodane 1944-46 og 1955-59 vart ein majoritet av den polske folkesetnaden anten utvist eller flykta frå Hrdona.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Grodno» frå Wikipedia på bokmål, den 14. september 2014.



  • Denne artikkelen bygger på «Hrdona» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2014.





hi3WoDK1xMZ8 oWAIchxvCkq rJpeq0HN
PbGC,N Is,F Q7IN3qpdyiNt2zXkHp9K0,btkyF 0Ub Yes3t,rDhJOZcgcM psgwXB67me5w1jABbt,uv6DF

Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Zirkonium