Riksantikvaren
Riksantikvaren | |
Type | Direktorat |
---|---|
Org.nummer | 974 760 819 |
Skipa | 1912[1] |
Hovudkontor | Dronningens gate 13, Oslo |
Riksantikvar | Jørn Holme |
Verkeområde | Noreg |
Tilsette | 147 (2013)[2] |
Eigarskap | Klima- og miljødepartementet |
Nettstad | http://www.riksantikvaren.no/ |
Riksantikvaren – direktoratet for kulturminneforvaltning er fagleg rådgjevar i utviklinga av den statlege kulturminnepolitikken, og arbeider for at viktige kulturminne, kulturmiljø og landskap blir tatt vare på. Direktoratet ligg under Klima- og miljødepartementet. Riksantikvaren har ansvar for at den statlege kulturminnepolitikken blir gjennomført og har eit overordna fagleg ansvar for fylkeskommunene og Sametingets arbeid med kulturminne, kulturmiljø og landskap.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Organisering
3 Oppgåver og arbeidsområde
3.1 Bevaringsprogrammer
4 Liste over riksantikvarar
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Historie |
Riksantikvaren vart skipa i 1912 som offentleg embete etter initiativ av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring for å ha oppsyn med ivaretakinga og restaureringa av kunstnerisk og historisk verdfulle gamle bygningar som ikkje var underlagt eit museum. Då Harry Fett var riksantikvar, vart etaten bygd ut til eit vidfemnande institutt for vern og forsking. Riksantikvaren vart underlagt Miljøverndepartementet frå 1973, og fekk direktoratstatus i 1988.
Organisering |
Direktoratet har om lag 160 tilsette, med kontor i Dronningens gate 13 i Oslo. Det er òg distriktskontor i Bergen, Tønsberg og Trondheim.
Riksantikvaren har fire avdelingar:
- Organisasjonsavdeling
- Kulturminneavdeling
- Avdeling for kunnskapsutvikling
- Samfunnsavdeling
Riksantikvaren har òg eit spesialbibliotek for kulturminnevern.
Riksantikvarens arkiv har mellom anna mange teikningar og fotografi som baserere seg på Fortidsminneforeingas samling av dokumentasjon frå kulturminnnevernets pionertid.
Oppgåver og arbeidsområde |
Riksantikvaren har det overordna faglege ansvaret for kulutrminneforvaltninga og fungerer som rådgjevar for Klima-og miljødepartementet.
Bevaringsprogrammer |
Riksantikvaren har ti bevaringsprogam for å sikre, setje i stand og kartleggje tilstanden til kulturminne. Dei ti programma er:
- Freda bygningar i privat eige
- Samiske kulturminne
- Stavkyrkjene
- Verdsarven
- Tekniske og industrielle kulturminne
- Brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer
- Fartøy
- Ruinar
- Bergkunst
- Utvalde arkeologiske kulturminne
Liste over riksantikvarar |
1912–1913 Herman Major Schirmer
1913–1946 Harry Fett
1946–1958 Arne Nygård-Nilssen
1958–1977 Roar Hauglid
1978–1991 Stephan Tschudi-Madsen
1991–1997 Øivind Lunde
1997–2009 Nils Marstein
2009–Sjur Helseth (konstituert frå 20. august til 22. oktober)
2009– Jørn Holme
Kjelder |
«Riksantikvaren» av Stephan Tschudi-Madsen Store Norske Leksikon
- Riksantikvaren nettsider
↑ Endringshistorie for Riksantikvaren
↑ Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad