Jakobittane






Den kvite rosa til York


Jakobittane var den politiske rørsla som arbeidde for restaurasjon av huset Stuart og deira rettmessige etterkomarar som kongar av England og Skottland, òg etter 1707, då desse vart samla til Storbritannia. Rørsla fekk namn etter Jakob II av England, og var eit svar på avsetjinga av Jakob i 1688. Huset Stuart budde på kontinentet etter dette, og prøvde tidvis å vinne attende trona med hjelp frå Frankrike og Spania. Jakobittane hadde den største støtta si i Irland og Skottland, særleg høglanda. Dei hadde òg ei viss støtte i delar av England og Wales. Rojalistar støtta jakobittane fordi dei meinte parlamentet ikkje hadde noko myndigheit til å blande seg i den kongelege suksesjonen, og mange katolikkar såg fram til at katolisismen si stilling ville verte gjennoppretta når det kom ein katolsk monark på trona. I Skottland vart saka til jakobittane ein del av det gamle klansystemet sine siste krampetrekningar, og vart eit varig romantisk minne. Emblemet til jakobittane er den kvite rosa til York, og den den kvite rose-dagen vert feira den 10. juni, fødselsdagen til Jakob III og VIII i 1688.



Jakobittiske arvingar til tronene i England, Skottland, (Frankrike) og Irland |





Jakob II av England




James Francis Edward Stuart (Jakob III og VIII), The Old Pretender, med det blå bandet til jakobittane




Kardinal Henry Benedict Maria Clement Stuart (Henrik IX og I)




  • Jakob II og VII (6. februar 1685–16. september 1701).


  • Jakob III og VIII (16. september 1701–1. januar 1766), James Francis Edward Stuart, òg kalla Chevalier de St. George eller The Old Pretender.


  • Karl III (1. januar 1766–31. januar 1788), Charles Edward Stuart, òg kalla Bonnie Prince Charlie, The Young Chevalier, eller The Young Pretender.


  • Henrik IX og I (31. januar 1788–13. juli 1807), Henry Benedict Maria Clement Stuart, hertugen av York, kardinal og dekanus for kardinalskollegiet


Etter at Henrik døydde har ingen av dei jakobittiske arvingane faktisk aktivt gjort krav på trona. Dei er, med sine jakobittiske regentnamn:




  • Karl IV (tidlegare kong Karl Emmanuel IV av Sardinia (13. juli 1807–6. oktober 1819), som nedstamma frå den yngste dottera av Karl I, konge frå 1625 til han vart avretta i 1649)


  • Victor (kong Victor Emmanuel I av Sardinia) (6. oktober 1819–10. januar 1824), hans bror.


  • Maria III og II1 (prinsesse Maria Beatrice av Sardinia og seinare ved ekteskap hertuginne av Modena) (10. januar 1824–15. september 1840), dotter hans.


  • Frans I (Frans V av Habsburg-Este, hertug av Modena) (15. september 1840–20. november 1875), son hennar.


  • Maria IV og III1 (prinsesse Maria Teresia av Modena og seinare ved ekteskap dronning av Bayern) (20. november 1875–3. februar 1919), niesa hans.

  • Rupert (eller Robert I og IV, [[Rupprecht av Bayern|Kronprins Rupprecht av Bayern, seinare overhovud for huset Wittelsbach og bayersk tronpretendent]]) (3. februar 1919–2. august 1955), son hennar.


  • Albert (Albrecht av Bayern, hertug av Bayern) (2. august 1955–8. juli 1996), son hans.


  • Frans II (Frans av Bayern, hertug av Bayern) (8. juli 1996–), son hans.


1Maria III/II og Maria IV/III vert nummert slik fordi nokre jakobittar ser på Elisabeth I av England som illegitim, og derfor ser på Maria av skottane som den rettmessige dronninga av England frå Maria I døydde.



Framtidige arvingar |


Arvingen av Frans av Bayern er hans yngre bror



  • Prins Max av Bayern, hertug i Bayern. Så dottera hans


  • Sophie av Bayern, arveprinsesse av Liechtenstein. Så hennar eldste son

  • Prins Joseph Wenzel av Liechtenstein, fødd 24. mai 1995 i London. Han er den første jakobittiske arvingen til den britiske trona som er fødd på Dei britiske øyane sidan Jakob III og VIII, The Old Pretender, i 1688. Joseph Wenzel vil i framtida verte fyrste av det suverene fyrstedømmet Liechtenstein.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Jakobittene» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2008.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva