Dale i Sunnfjord
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dale.
| Dale | |
| stad | |
Dale i Sunnfjord (Panorama) | |
| Land | |
|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Fjaler |
| Areal | 1,09 km² |
| Folketal | 1 149 (2017) |
| Folketettleik | 1 054 / km² |
Postnummer | 6963 DALE I SUNNFJORD |
| Preposisjon | i Dale |
Wikimedia Commons: Dale (Sunnfjord) | |
Frå Dale sentrum
Etter at Dalsfjordbrua opna, er det slutt på fergetrafikken i Dale.
Dale er kommunesenter i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane fylke, nærmare bestemt Sunnfjord. Bygda ligg ved Dalsfjorden, og har 1 149 innbyggjarar per 1. januar 2017. Bygda er kommunesenteret i Fjaler og har dermed kommunehuset med kontor til administrasjonen. I desember 2013 opna Dalsfjordbrua som knyter saman Askvoll kommune og Fjaler kommune.
Innhaldsliste
1 Kultur og industri
2 Utdanning
3 Transport
4 Dalsfjordsambandet
5 Folketalsutvikling
6 Kjelder
Kultur og industri |
I Dale finn ein Klokkargarden, fødestad åt diktaren Jakob Sande, Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen og designstudioet Ralston & Bau og idéfabrikken Transplant. I tillegg så driv Dale Ungdomsslag Fjaler Kino på frivillig basis. Kinoen held til i ungdomshuset Trudvang som ligg langs fv. 57 mellom Dale sentrum og Dingemoen skule.
Utdanning |
Dale har vore utdanningssentrum for området i mange år, og i dag finn ein Dingemoen barneskule, Fjaler ungdomsskule og Dale vidaregåande skule i bygda.
Transport |
Frå rutebilstasjonen i Dale sentrum går det fleire bussar mellom anna til Førde og Bergen via Riksveg 57 eller snøggbåt.
Bygda ligg 25 min frå Førde lufthamn, Bringeland.
Dalsfjordsambandet |
I desember 2013 opna Dalsfjordbrua for trafikk. Den knyter saman Fjaler kommune med Askvoll kommune. Dalsfjordsambandet består av ny fylkesveg nummer 609 frå Eikenes til Nishammaren i Dale og ny fylkesveg nummer 57 frå Fjaler Sjukeheim til Sætenes. Dalsfjordsambandet inneheld tre nye tunnelar, der to av tunnelane ligg i Askvoll kommune og den siste ligg i Fjaler kommune, og sist men ikkje minst Dalsfjordbrua over Dalsfjorden. Desse tre tunnelane heiter Dalsfjordtunnelen, Ottersteintunnelen og Nishammartunnelen. Nishammartunnelen ligg i Fjaler kommune og er ein av få tunnelar i Noreg med rundkøyring inne i fjellet.
Folketalsutvikling |
Folketalsutvikling i Dale | ||||
|---|---|---|---|---|
| År | Innbyggjarar | |||
| 1920 | 206 | |||
| 1930 | 463 | |||
| 1946 | 666 | |||
| 1950 | 728 | |||
| 1960 | 813 | |||
| 1970 | 967 | |||
| 1980 | 924 | |||
| 1990 | 935 | |||
| 2000 | 905 | |||
| 2009 | 980 | |||
| 2012 | 1 063 | |||
| Kjelder: SSB: Norske folketeljingar | ||||
Kjelder |
- http://www.dalsfjordbrua.no/
|