Tørketid






Graf som viser nedbørsmengda i Dwarka i India. Bortsett frå nedbørstoppen midt på året opplever ein tørke.


Tørketid er ei årstid med lite eller ingen nedbør som ein hovudsakleg finn i tropisk og subtropisk klima. Ho kan vara i ulik tid ut frå kva som er vanleg i området det gjeld, frå ein månad til størsteparten av året. I tropane er det vanleg at tørketida finn stad i den kjølige delen av året, som i monsun- og savanneklima, medan ho vanlegvis fell om sommaren i subtropiske område, som i middelhavsklima. Nær ekvator kan ein ha to tørketider og to regntider, den eine tørketida som følgje av høgtrykkssona mellom dei to sonene i den intertropiske konvergenssona.




Tørketid i Nicaragua.
Foto: Allen Drebert



Under tørketida har ein låg luftfukt og lågare vasstand i elvar og vatn, i nokre høve kan dei tørka opp. Det uttørka landskapet er meir utsett for brann. Dyr trekker ofte til område der det er vatn. Menneske kan også flytta på seg, til dømes frå landbruksområde til byar, fordi dei ikkje får fram avlingar i tørketida. Uvanleg lange tørketider kan medverka til hungersnaud.



Sjå òg |


  • Regntid


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Tørketid» frå Wikipedia på bokmål, og «Dry season» frå Wikipedia på engelsk den 31. januar 2009.























Vår

Sommar

Haust

Vinter

Regntid

Tørketid

Nikolai Astrup-Vårkveld ved Jølstervannet.jpg

Moonfeld toscana.jpg

BudakesziHoldvilágvölgyErdeiÚt.JPG

Windbuchencom.jpg

Bombay flooded street.jpg

Topi masai mara.jpg

Årstidene


Spire Denne meteorologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?