Korintbukta






Peloponnes sett frå rommet


Korintbukta (gresk Κορινθιακός κόλπος, Korinthiakós kólpos) er ei djup bukt i Det joniske havet i Hellas som skil Peloponnes frå det vestlege greske fastlandet. Ho grenser i aust til Korinteidet, der Korintkanalen går gjennom, og i vest til Ríosundet, som skil Korintbukta frå den ytre Pátrabukta ved neset Kapp Drépano, som på det smalaste vert kryssa av Río-Andírio-brua. Korintbukta er nesten heilt omgjeve av perierieiningane Etoloakarnanía og Fokída i nord, Viotía i nordaust, Attikí i aust, Korinthía i søraust og sør og Akhaía i sørvest. Bukta er eit av dei mest seismisk aktive i Europa.


I mellomalderen vart bukta kalla Lepantobukta. Her vart det tredje slaget ved Lepanto utkjempa i 1571, der den osmanske flåten vart øydelagd. I 1772 vart ein annan tyrkisk flåte øydelagd av russarane ved inngangen til bukta. Byen Lepanto heiter i dag Návpaktos.


Skipsruta mellom Aten og til hamner i resten av verda, inkludert Middelhavet, går gjennom bukta. Ferjesamband går mellom Éjo og Ájos Nikólaos i den vestlege delen av bukta.




Korintbukta


Bukta er 130 km lang og mellom 8,4 og 32 km brei.




Innhaldsliste






  • 1 Geologi


  • 2 Byar


  • 3 Elvar


    • 3.1 I nord


    • 3.2 I sør




  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder





Geologi |


Bukta vart danna gjennom utvidinga av ei tektonisk rift. Rifta utvidar seg framleis med 3 cm i året, og dei omliggande forkastingane er svært seismisk aktive.



Byar |


Byar ved bukta er mellom anna




  • Návpaktos (nordvest)


  • Sergoúla, inga hamn, men strand.


  • Glyfáda, inga hamn


  • Spiliá, inga hamn


  • Ájos Nikólaos (nord)


  • Galaxídi (nord), lita hamn


  • Itéa (nord), lita hamn


  • Kírra (nord), inga hamn


  • Ájos Vasílios, lita hamn


  • Pórto Jermenó (Egósthena) (aust), lita hamn og strender


  • Psátha, i aust, stor strand


  • Alepokhóri, (søraust)


  • Loutráki, inga hamn


  • Korint (søraust)


  • Kiáto, (søraust)


  • Xylókastro (sør)

  • Dervéni


  • Kráthio (sørvest), inga hamn


  • Diakoptó (sørvest), strand


  • Éjo (sørvest)


  • Pátra (søraust), stor hamn


  • Lógos (sørvest)


  • Ákoli (sørvest), strand


  • Káto Rodiná (vest-sørvest)


  • Psathópyrgos (vest)



Elvar |


Følgjande elvar munnar ut i Korintbukta.



I nord |


  • Mórnos


I sør |



  • Volinéos

  • Sélemnos

  • lita elv aust for Arakhovítika og Drépano

  • Selinoúntas

  • Vouraikós

  • elv aust for Diakoptó

  • Zakholítikos

  • Asopós i Korinthía


  • Sýthas ved Xylókastro



Bakgrunnsstoff |



  • Atlas over Korintbukta

  • Bilete frå Korintbukta

  • Kart over Korintbukta



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Gulf of Corinth» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2007.


Koordinatar: 38°12′55″N 22°32′36″E





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?