Ingusjetia




















































Respublika Inusjetija
Ghalghaj Mokhk
 












Flag of Ingushetia.svg

Coat of Arms of Ingushetia.svg
Ingusjetia sitt flagg
Ingusjetia sitt våpen


Ingusjetia på kartet over Russland

Hovudstad

Magas

Areal

- Totalt

- % vatn


Rangering:81.

4000 km²



Innbyggjartal

- totalt

- folketettleik


Rangering: 73.

ca. 413 000[1] (2010)

ca. 103,3/km²



Føderalt distrikt
Sørlege

Økonomisk region
Nord-Kaukasus

Regionsnummer
06

Offisielt språk

Russisk, ingusjisk

President

Junus-Bek Bamatgirejevitsj Jevkurov

Nasjonalsong


Tidssone

UTC +0300


Ingush03.png


Ingusjetia (russisk Республика Ингушетия, ingusjisk ГIалгIай Мохк) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Magas, arealet er 4000 km² og innbyggjartalet 413 000 (2008). Ingusjetia er det minste føderasjonssubjektet i Russland, med unntak av byane Moskva og St. Petersburg. Republikken vart danna i 1991, då den tidlegare Tsjetsjeno-ingusjetiske republikken vart delt opp i Tsjetsjenia og Ingusjetia. I motsetning til Tsjetsjenia gjekk Ingusjetia friviljug med i den nye russiske føderasjonen. Republikken vart dermed spart for full krig, som i naborepublikken. Mange flyktningar frå krigen i Tsjetsjenia har kome til Ingusjetia.


Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført 40 terrorhandlingar i Ingusjetia, og desse førte til åtte dødsfall og 78 skadde personar. To av desse terrorhandlingane vart utført av sjølvmordsbombarar.[2] Desse tala omfattar ikkje dødsfall som følgje av handlingar frå regjeringsstyrkane si side. I 2008 kom det òg til opptøyar i den største byen Nazran, då tryggingsstyrkane slo ned opptøyar frå opposisjonen si side.[3]



Folkesetnad |


Den einaste større byen er Nazran (132 200 ibuarar), som var hovudstaden fram til 2000.


Den største folkegruppa i Ingusjetia er ingusjar. Ifølgje folketeljingane endra den etniske samansetjinga i republikken seg kraftig frå folketeljinga i 2002 til den i 2010 - I 2002 vart det oppgitt at 77,3 var ingusjar og 20,4 tsjetsjenarar. I 2010 var det under ein fjerdedel så stor del tsjetsjenarar, mens delen ingusjarar hadde auka til over 90 %. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]




  • Ingusjar: 93,5 %


  • Tsjetsjenarar: 4,5 %


  • Russarar: 0,8 %



Fotnotar |




  1. ↑ 1,01,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010


  2. ↑ "At least 178 persons perished in explosions and terror acts committed in Northern Caucasus and Moscow", frå "Caucasian Knot" på engelsk, 10. januar 2011, lese 18. januar 2011


  3. ↑ "Ingushetia Crisis Deepens" frå "Institute for War & Peace Reporting på engelsk, 13. februar 2008, lese 18. januar 2011



Bakgrunnsstoff |




  • Republikken sine offisielle heimesider (ru)


  • Ingushetiya.ru, uavhengig internettportal (en)


  • Artikkel frå NUPI (en)












Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

Riksmekleren