Katamaran






«Rekan», ein moderne katamaran.


Katamaran (frå tamil kattu, 'bunde' og maram, 'tre') er ein type båt eller skip med to skrog.[1] Fartøyet er kjend frå Stillehavet i førmoderne tid, og seinare i Vesten der katamaranar har vore brukt både som ferjer, raske seglbåtar og til offshorebruk.




Innhaldsliste






  • 1 Soge


    • 1.1 Stillehavskatamaranar


    • 1.2 Vestlege katamaranar




  • 2 Sjå òg


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Soge |




Tradisjonell tamilsk katamaran.




Modell av ein katamaran frå Tahiti.


Båttypen det opphavlege ordet viser til låge båtar eller flåter frå den indiske Koromandelkysten. Desse katamaranane kan vera laga av to, tre eller fleire samanbundne trestokkar;[2] den midtre er lengre enn dei andre og kan vera bøygd opp som ein stamn i baugen.[3] Fartøya er havgåande og toler større brenningar, samtidig som dei er lette å dra opp på ei strand. Dei var særs nyttige langs ein kyst utan naturlege hamner.[4]


Det indiske namnet blei overført til ei rekkje andre fartøy frå fleire delar av verda - små samanbundne flåtar i Karibia, større balsaflåter i Sør-Amerika og fartøy laga ved å binda saman to båtar i St Lawrence-elva i Nord-Amerika.[2]



Stillehavskatamaranar |


Polynesiarar i Stillehavet utvikla ein forløpar til moderne katamaranar gjennom å kopla saman to store kanoar til ein robust dobbeltkano som kunne segla i ope hav. Nokre av desse er båttypen ndrua frå Fiji, kalia og tongiaki frå Tonga, ‘alia og va‘a-tele frå Samoa og pahi og tipairua frå Tahiti. Desse fartøya satt høgt på vatnet, og kunne oppnå stor fart. Fleire raske moderne katamaran-yachtar byggjer på polynesisk skipskonstruksjon.[5]




Katamaranen MS «Vingtor» ved Strandkaien i Bergen.
Foto: Harald Sætre




Vestlege katamaranar |


Den første dokumenterte freistnaden på å utvikla katamaranar i vestleg skipsbygging fann stad i 1620-åra. Den engelske vitskapsmannen William Petty meinte toskrogsskip både ville vera raskare og kunna segla i grunnare vatn enn samtidige skip. Forsøka hans blei ingen suksess, og blei latterleggjorde.[6]


I 1814 utforma Robert Fulton det første dampdrivne krigsskipet som ein katamaran.[7] På 1800-talet fekk M.C. Crisp, ein amerikansk kaptein som var verksam i Burma og India, bygd ein «skonnert etter dobbeltkanoprinsippet». Han omtalte fartøyet «Original» som ein rasktsiglande, sjødyktig båt som dreiv handel mellom Rangoon og Tenasserim i fleire år.[8][9]


Hjuldamparen «Castalia» blei bygd i 1874 av Thames Ironworks and Shipbuilding Company etter design av ein kaptein Dicey. Det hadde padlehjul mellom dei to skroga.[3] «Castalia» gjekk i ferjetrafikk mellom Dover og Calais frå 1875 til 1877. Eit av føremåla med utforminga var å gjera skipet meir stabilt for å dempa sjøsjuke, noko det skal ha oppnådd. Dette og to oppføgjarar gjekk derimot svært sakte.


I 1877 tok den amerikanske jaktbyggjaren Nathanael Herreshoff patent på ein seglbåt med to skrog. Den første kjende katamaranen hans, «Amaryllis», kom først i ein Centennial Regatta halden av New York Yacht Club i 1876, men blei seinare diskvalifisert. Katamaranar blei deretter utestengde frå vanlege klassar i regattaer, men interessa for fartøya var ei tid stor, og det kunne tidvis tevla i eigne klassar.[10] På 1900-talet blei det utvikla fleire katamarantypar for kappsegling og fritidssegling, som Hobie Cat og Tornado.




USNS «Spearhead» er ein katamaran bygd av Austal i 2010-2011 for den amerikanske marinene.


På andre halvdel av 1900-talet blei det utvikla større, motoriserte katamaranar til transportbruk fleire stader i verda. Dei australske selskapa Incat og Austal har utmerka seg for ei rekkje skip til militær og sivil bruk, brukt over heile verda. I Noreg er det bygd fleire passasjerkatamaranar, gjerne til snøggbåtbruk. Til dømes utvikla Westermoen verft i Mandal ein type kalla Westamaran.[3]
I 1991 bygde finske Finnyards «Radisson Diamond», verdas største SWATH (Small Waterplane Area Twin Hull) og den første cruisekatamaranen i verda som seinare fekk namnet «China Star».[11][12]
Katamaranar er også blitt nytta til særskilde bruksområde der ein treng eit stort dekkareal og/eller mykje stabilitet, til dømes som arbeidsplattform.[3]


I 2008 blei katamaranen MS «Miljødronningen» sjøsett av Norges Miljøvernforbund. Skipet kan gå på diesel eller biodiesel.[13]
Ein annan miljøkatamaran, «Plastiki», laga av plasflasker og annan resirkulert plast, kryssa Stillehavet i 2010.[14][15]



Sjå òg |



  • Snøggbåt

  • Utriggar


  • Trimaran, fartøy med tre skrog



Kjelder |





  1. «katamaran» i Nynorskordboka.


  2. 2,02,1
    «catamaran, n.», OED Online, Oxford University Press, December 2015  |access-date= requires |url= (hjelp)



  3. 3,03,13,23,3
    Bjørn Aakre Brudevoll (14. februar 2009), «Katamaran», Store norske leksikon 




  4. Hornell, J.. (1923). Survivals of the Use of Oculi in Modern Boats.. The Journal of the Royal Anthropological Institute of Great Britain and Ireland, 53, 289–321. http://doi.org/10.2307/2843572




  5. Rāwiri Taonui (22-Sep-12), «Story: Canoe navigation - Waka – canoes», Te Ara – The Encyclopedia of New Zealand, New Zealand Government 



  6. 22 September 2000 (2000-09-22). «Sailing with an Achilles' keel | General». Times Higher Education. Henta 2014-08-08. 



  7. Dear, I.C.B. og Peter Kemp, red. (2006), «catamaran», The Oxford Companion to Ships and the Sea, Oxford University Press, henta 4. mars 2016 



  8. B. R. Pearn (1938). A History of Rangoon. Corporation of Rangoon. s. 136. 


  9. M.F. Crisp (1849). A treatise on marine architecture, elucidating the theory of the resistance of water : illustrating the form, or model best calculated to unite velocity, buoyancy, stability, strength, etc., in the same vessel : and finally, adducing the theory of the art of shipbuilding. Maulmein: American Baptist mission press. s. 94. 


  10. L. Francis Herreshoff. «The Spirit of the Times, November 24, 1877 (reprint)». Marine Publishing Co., Camden, Maine. Henta 2014-12-02. 


  11. «Radisson Diamond (sold)». cruisereviews.com. 


  12. «New Chinese Cruise Line to Start-Up with ex-Radisson Diamond - Cruise Industry News | Cruise News». Cruise Industry News. 2012-03-02. Henta 2012-03-08. 



  13. Kort spesifikasjon av M/S Miljødronningen, nmf.no ;
    Jan Gulliksen, Viser frem miljødronninga, NRK.no 



  14. «The Plastiki - Behind the Scenes» (Press release). Adventure Ecology. 2010. Arkivert frå originalen den January 16, 2011. http://www.webcitation.org/5vmHldgDD. Henta October 12, 2010. 


  15. «Plastiki reaches Sydney after 8000 mile sail». Australian Sailing magazine. Yaffa Publishing Group. July 26, 2010. Arkivert frå originalen January 16, 2011. Henta January 16, 2011. 




  • Delar av denne artikkelen bygger på «Catamaran» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mars 2016.



Bakgrunnsstoff |





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva