Lyngseidet
Lyngseidet | |
stad | |
Utsikt mot Lyngseidet frå Kjkostindane. Fjorden til høgre er Kjosen i Ullsfjorden. | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Troms |
Kommune | Lyngen |
Areal | 0,87 km² |
Folketal | 819 (2017) |
Folketettleik | 941 / km² |
Postnummer | 9060 LYNGSEIDET |
Preposisjon | på Lyngseidet |
Wikimedia Commons: Lyngseidet | |
Lyngseidet (nordsamisk: Ivgumuotki, kvensk: Yykeänmuotka) er administrasjonssenteret i Lyngen kommune i Troms. Tettstaden ligg på vestsida av Lyngenfjorden og har 819 innbyggjarar per 1. januar 2017. Riksveg 868 og 91 går til Lyngseidet og det er ferjesamband til Olderdalen. På Lyngseidet er det i tillegg til butikkar og post ulike kommunale tilbod som alders- og sjukeheim, barne- og ungdomsskule, barnehagar, bibliotek, sosial- og trygdekontor og helsesenter. Lyngen kyrkje ligg på Lyngseidet.
Kjelder |
- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Troms.
Referansar |
Denne Tromsartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|