Soissons





































Soissons

Saint-Jean des Vignes i Soissons
Saint-Jean des Vignes i Soissons





Byvåpenet til Soissons

Byvåpenet til Soissons

Styresmakter
Land
Region
Departement

Frankrike
Picardie
Aisne
Geografi
Flatevidd
 - By


12,32 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik


29 453
  2 390/km²
Koordinatar

49°22′54″N 03°19′25″EKoordinatar: 49°22′54″N 03°19′25″E
Høgd over havet
55 m
Tidssone
CET (UTC+1)
Diverse anna

Heimeside: www.ville-soissons.fr

Soissons er ein by og kommune i Frankrike. Han ligg i departementet Aisne i
regionen Picardie ved elva Aisne, om lag 100 km nordaust for Paris. Han er ein av dei eldste byane i Frankrike, og er sannsynlegvis den gamle hovudstaden til suessionane.



Historie |


Det keltiske namnet (seinare lånt i latinsk) var Noviodunum, som tyder «ny åsfestning». Namnet vart brukt frå 457 til 486, under Aegidius og son hans Syagrius og Noviodunum var hovudstaden til det belgiske folket suessionane før den frankiske kongen Klodvig I tok byen i slaget ved Soissons i 486.


Delar av det frankiske området Neustria og klosteret i Saint-Médard, bygd på 700-talet, spelte ei viktig politisk rolle under styret til dei merovingiske kongane (447-751). Etter Klodvig I døydde i 511 vart Soissons gjort til hovudstad i eit av dei fire kongedøma som staten hans vart delt inn i. Kongedømet Soissons forsvann i 613 då dei frankiske landa vart slått saman under Klotar II.


I 744 sette Pippin III i stand Kyrkjemøtet i Soissons, og heilage Boniface, paven sin misjonær i det heidenske Tyskland, fordømde den frankiske biskopen Adalbert og den irske misjonæren Clement.



Bakgrunnsstoff |


  • Katolsk leksikon: Soissons




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva