Absalon






Den bibelske Absalon i ein tysk illustrasjon frå 1400-talet.




Skulptur av Absalon av Lund ved rådhuset i København.


Absalon eller Absalom er eit mannsnamn med bibelsk opphav. Namnet tyder 'Far er fred'.


Utbreiinga av namnet stammar hovudsakleg frå at den tredje sonen til kong David heitte Absalom. Andre Samuelsbok i Bibelen fortel at han drap bror sin, Amnon fordi Amnon hadde valdteke syster deira. Etter dette vart David vreid på Absalom og Absalom måtte rømma. Han fekk etterkvart koma heim att, men gjorde opprør mot faren og vende folket mot han. Absalon døydde då han vart hengjande etter håret i ei eik og vart stukken og slegen av faren sine soldatar, mot faren sin ordre.


Absalon er i dag svært uvanleg i Noreg, og har ikkje namnedag etter Almanakken.


Namnet Aksel er avleia av Absalon.



Kjende namneberarar |




  • Absalon av Lund, dansk prelat og erkebiskop


  • Absalon Pederssøn Beyer, norsk prest og forfattar


  • Absalon Olsson Vereide, norsk stortingsmann


  • Absalom Jones, afroamerikansk prest og slaverimotstandar



Anna |


Absalom, Absalom! er namnet på ein roman frå 1936 av William Faulkner.



Bakgrunnsstoff |





  • Søk etter norsk namnestatistikk for Absalon hjå Statistisk Sentralbyrå




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva