Bydel Nordre Aker

Multi tool use

Bydel Nordre Aker i høve til dei andre bydelane i Oslo
Bydel Nordre Aker er ein administrativ bydel i Oslo med eit areal på 13,6 km². Bydelen ligg mellom bydel Bjerke i Groruddalen, og på ei stutt strekning bydel Grünerløkka, i aust, og Sognsvannsbekken i vest, der bydelen grenser til bydel Vestre Aker, og dessutan på ei stutt strekning til bydel Frogner. I sør grenser bydelen til bydelane St. Hanshaugen og Sagene, i nordaust til Lillomarka.
Bydelen vart skipa ved bydelsreforma i 2004, då talet på bydelar i Oslo vart minska monaleg i høve til den opphavlege inndelinga i administrative bydelar frå 1988. Bydel Nordre Aker vart såleis skipa ved å slå saman dei to dåverande bydelane Sogn og Grefsen-Kjelsås, og leggje til stroka Ullevål hageby, Blindern og Nedre Tåsen frå den dåverande bydelen St. Hanshaugen-Ullevål, og stroket Gaustad frå den dåverande bydelen Vindern.
Namnet Nordre Aker er eit namn som vart funne på i samband med bydelseforma i 2004, og har tidlegare korkje vore nytta om område eller bydelar i Oslo eller i den tidlegare kommunen Aker. Bydelen samsvarar i utstrekning med den delen av den tidlegare kommunen Aker som før samanslåinga i 1948 låg mellom byen Oslo i sør og byggjegrensa mot Marka i nord.
Bydelen er mellom dei største i Oslo med omsyn til talet på busette og til talet på arbeidsplassar. Arbeidsplassane ligg for det meste i vest, der Universitetet i Oslo, Forskningsparken, Meteorologisk institutt, Rikshospitalet (som inngår i Oslo universitetssykehus), Norges Idrettshøgskole, Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo ligg, og i Nydalen-Sandakerområdet, der mellom anna Handelshøyskolen BI og fleire andre verksemder har tilhald. Ullevaal Stadion, der det òg er kontorlokale for mykje av den nasjonale idrettsadministrasjonen, og Norsk Teknisk Museum, ligg likeiens i bydelen. Bydelsadministrasjonen har tilhald i Nydalen.
Kjelder |
Oslo byleksikon, femte utgåva, side 389-391
Bakgrunnsstoff |

Commons har multimedia som gjeld:
Bydel Nordre Aker
- Internettsidene til bydel Nordre Aker
bua5rkLwf4hxahG8qZoaYFPzdqQ6OCDWVKWrLHpTY6kIxmBfGNAqI9JGlE2q1i
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...