Plessurfjella
Plessurfjella | |
Fjellkjede | |
Aroser Weisshorn (2 653 moh) | |
Land | Sveits |
---|---|
Stat | Graubünden |
Del av | Dei sentrale Alpane |
Høgaste punkt | Aroser Rothorn |
- høgd | 2 985 moh |
- koordinatar | |
Wikimedia Commons: Plessur Range | |
Plessurfjella er ei fjellkjede i Alpane aust i Sveits. Ho vert rekna som ein del av Dei sentrale Alpane. Fjella er kalla opp etter elva Plessur, som spring ut midt i fjella. Plessurfjella er fråskilde Glarus-Alpane i vest av Rhinendalen; frå Rätikonfjella i nord av Landquartdalen (Prättigau); frå Albulafjella i søraust av Landwasserdalen; og frå Oberhalbsteinfjella i sør av Albuladalen.
Plessurfjella vert drenerte av elvane Rhinen, Plessur, Landwasser og Landquart. Vintersportsstaden Arosa ligg midt i fjellkjeda.
Av fjelltoppar i Plessurfjella finn ein Aroser Rothorn (høgast, 2985 moh) og Stätzer Horn (2576 moh).
Fjellovergangar i Plessurfjella er Strela-passet, frå Davos til Langwies, 2377 moh.
Galleri |
Vatn nær Arosa
Obersee
Lenzerheidedalen
Lenzer Horn
Parpaner Rothorn (høgre)
Lenzer Horn
Sjå òg |
- Dei sveitsiske Alpane
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Plessur Range» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Swisstopo-kart