Ficus religiosa























Ficus religiosa

पिपल.jpg



Vitskapleg namn

Ficus religiosa

Linné




Utbreiing





Område: Opphavleg leveområde Aust-, Søraust- og Sør-Asia[1]




Systematikk

Rike: Plantar

Rekkje: Dekkfrøplantar

Klasse: Tofrøblada plantar

Orden: Rosales

Familie: Morbærfamilien

Slekt: Ficus

F. religiosa







Ficus religiosa, også kjend som heilag fiken, gudefiken, pipal[2] og bo- eller bodhitre,[3] er eit tre i fikenslekta som er utbreidd i Sør- og Søraust-Asia. Treet er viktig i buddhismen, djainismen og hinduismen. Buddhistiske overleveringar fortel at Gautama Buddha oppnådde oppvakning under eit slikt tre. Fikentreet er også ein tradisjonell medisinplante.




Blad


Ficus religiosa kan bli opptil 20 meter høg.[1] Borken er gråleg og sprekk etterkvart som han blir eldre. Blada er runde på fasong med ein lang flik i enden, tynne og med skinande overflate. Dei har 5-7 sidevener. Fruktene er små, på storleik med ein pupill. Dei er grøne som kart og svarte når dei er mogne.[4]


Treet blir pollinert av ein særskild veps, Blastophaga quadraticeps. På stader der både fikentreet og vepsen er innført, som Israel, Florida og Hawaii, kan Ficus religiosa vera ein invasiv art.[5]


Treet kjem opphavleg frå eit område frå Himalaya til Sør-Kina, Vietnam og Nord-Thailand. Det er utbreidd som avenytre og tempeltre, både ved hindu- og buddhisttempel.


Borken frå treet har lenge vore brukt som medisin mot sår, smittestoff, diaré, diabetes og gonorré. Blada er blitt brukt mot hudsjukdommar, giftstoff og for å regulera menstruasjonssyklusen. Frukta er blitt brukt som avføringsmiddel, og i pulverform til å behandla astma. Medisinske forsøk har mellom anna påvist verknader mot fleire smittestoff og parasittar og at planten har ein god effekt mot diabetes.[4]



Kjelder |





  1. ↑ 1,01,1 Ficus religiosa L., Globinmed.com


  2. ↑ Oxford English Dictionary, Oxford University Press, 1971, p.1014


  3. ↑ «Ficus religiosa — Peepal». Flowers of India. Henta November 3, 2011. 


  4. ↑ 4,04,1
    S. B. Chandrasekar, M. Bhanumathy, A. T. Pawar,1 and T. Somasundaram, «Phytopharmacology of Ficus religiosa», Pharmacognosy Review, v.4(8) 2010



  5. ↑ Lissa Fox Strohecker, «And then the pollinator wasp arrived…», mauiinvasive.org. Opphavleg frå Maui News (October 13th, 2013).



  • Ficus religiosa, hear.org



  • Denne artikkelen bygger på «Ficus religiosa» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2013.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ficus religiosa



  • Ficus religiosa L. , India Biodiversity Portal

    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Riksmekleren

Waikiki