Posthorn





Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.


Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.



Posthorn




Eit koparstikk med påskrifta «Der Europaeische Postilion» og årstalet 1728, synar ein postryttar som varslar med posthornet før han rir inn i ein by med posten han har med seg


Posthornet er eit signalhorn som tidlegare var ein del av utstyret til postbøndane og landpostboda. I byane vart posthornet brukt til å varsla om posten var komen, eller skulle sendast. Elles skulle postbøndene, som frakta posten i stafett, blåsa i hornet når dei nærma seg skifte. Detta var då eit signal til avløysaren, neste postbonde, om å gjera seg klår - posten skulle fram. På tronge vegstykke skulle postmennene «blæse udi Posthorna, at hvo som dem der maatte møde, skulle vide at lada dem Plads til at forbie passera, paa det at posten ey i saamaade skulle hindrast eller Opholdes,…»[1]


I Noreg vart ikkje posthorn teke i bruk før i 1730. Elles i Europa kjenner ein til bruk av posthorn allereie på 1500-talet. Truleg var det Wilhelm Resen, amtmann i Lister og Mandal amt, som stod bak forslaget om å ta i bruk posthorn i Noreg. I 1730 skreiv han til generalpostdirektøren og foreslo at dei som frakta posten frå Kristiansand burde utstyrast med posthorn. I kongeleg resolusjon av 8. april same år vart det vedteke at det skulle løyvast 150 dalar til innkjøp av posthorn og skilt til alle norske postbønder.


Posthornet har òg redda liv. I byrjinga av januar 1903 vart postføraren Gunnar Turtveit teke av eit snøras i Seljestadjuvet medan han var på veg med posten mellom Odda og Røldal. Turtveit vart liggjande under fleire meter med snø, men klarte etter 56 timar å grava seg ut ved hjelp av posthornet. Postmuseet på Lillehammer har ei stor samling posthorn, og Turtveits horn er i denne. Diverre er det ikkje mogleg å skilja dette hornet frå dei andre horna museet rår over.


Posthornet har vore motiv eller delmotiv på fleire frimerke og frimerkeseriar i fleire land. Posten i Noreg kan likevel skilta med at posthornserien for odde- og småbeløp er den lengstlevande frimerkeserien med same motiv i verda, sidan den har eksistert nesten uendra i over hundre år.


Framstillingar av posthornet har òg vore brukt i logoane til postetatane i fleire land, mellom anna postverket i Noreg, og kan kjennast att i sterkt stilisert form i logoen til Posten Norge AS som ein sirkel av to hornliknande figurar.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Posthorn» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2018.




  1. Johannessen, Finn Erhard, 1997, Alltid underveis, ISBN 82-90545-63-0




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva