Denne artikkelen handlar om øya i Noreg. For øya i Antarktis, sjå Andøya i Antarktis.
Andøya
Parti av Andøya mot Nordmela i nordvest.
Geografi
Stad
Nord-Noreg
Koordinatar
69°6′N15°43′EKoordinatar: 69°6′N15°43′E
Øygruppe
Vesterålen
Areal
489 km²
Høgaste punkt
Kvasstinden (705 moh.)
Administrasjon
Land
Noreg
Fylke
Nordland
Største busetnad
Andenes (2603 innb.)
Andøya er den tiande største øya i Noreg med eit areal på 489 km². Ho har mellom anna dei største myrareala (263 km²) i landet og er velkjend for sine moltebær. Myrareala vert også utnytta til omfattande produksjon av veksttorv. Forutan dei flate og stort sett samanhengande myrareala, finn ein også bratte fjellparti som når opp til 700 meters høgde.
Heile øya ligg i Andøy kommune.
Innhaldsliste
1Geologi
2Fortidsminne
3Forskingsstasjonar
4Kjelder
5Bakgrunnsstoff
Geologi |
Parti av Andøya sett mot aust: Ånes, Å, Andfjorden, Senja t.v, Bjarkøy, og Grytøy t.h.
Geologisk er Andøya også kjend for Ramsåfeltet, som er det einaste området i Noreg utanfor Svalbard kvar det finst kolforekomstar. Desse stammar frå dei geologiske periodane jura og krit. Ramsåfeltet er også rikt på fossil, og det er der mellom anna funne eit fossil etter ei 3 meter lang fiskeøgle.
Fortidsminne |
Andøya har vore folkesett heilt frå steinalderen, og det er funne trekol som er heile 11.000 år gamalt der. Det finst ei rekkje funn etter menneskeaktivitet som med sikkerheit skriv seg seinast frå yngre steinalder.
Sjølve namnet Andøya kjem frå Omd, som var namnet som var brukt på øya i jarnalderen og i vikingtida. Omd er omtala i Snorre Sturlason sine kongesoger, både i Ynglingesoga og i soga om Olav Tryggvason. På tettstaden Åse, ca. 4 mil sør for Andenes, er det funne eit militært ringtunanlegg med restane av 14 hus frå eldre jarnalder . Truleg har dette anlegget høyrt til eit lokalt høvdingesete.
Forskingsstasjonar |
På Oksebåsen, 6 km sørvest for Andenes på nordspissen av Andøya, ligg Andøya rakettskytefelt, som mellom anna vert nytta for nordlysforsking [1]. Rakettskytefeltet vert òg nytta til undervisning [2]. På fjellet bak rakettskytefeltet ligg det eit observatorium, der atmosfæren vert studert ved hjelp av kraftig laserlys.
Kjelder |
↑Thorsen. T.A., Hva med dagens og morgendagens nordlysforskning?, uio.no, 24/11-1999.
↑European Space Camp på Andøya Rakettskytefelt, Norsk Romsenter. (vitja 6/4-2008)
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...