Lillestrøm stasjon

Multi tool use

Stasjonsbygningen frå 1930 med den nye, låge bygningen frå 1998 til høgre

Lillestrøms stasjon på 1920-talet
Lillestrøm stasjon er ein jarnbanestasjon i sentrum av Lillestrøm, med Lillestrøm bussterminal rett attmed. Stasjonen ligg både på Hovedbanen, som opphavleg gjekk mellom Oslo Sentralstasjon og Eidsvoll stasjon, men nå berre har ordinær trafikk fram til Dal stasjon, og på Gardermobanen frå Oslo Sentralstasjon gjennom tunnelen Romeriksporten og via Oslo lufthamn, Gardermoen fram til Eidsvoll stasjon og vidare. Frå Lillestrøm stasjon går òg Kongsvingerbanen til Kongsvinger og vidare inn i Sverige. Stasjonen ligg 20,95 kilometer frå Oslo Sentralstasjon.
Hovedbanens fyrste stasjonsbygning i Lillestrøm var teikna av arkitektane Heinrich E. Schirmer og Wilhelm von Hanno, og opna då denne fyrste jarnbanestrekninga i Noreg stod ferdig i 1854. Bygningen vart teke ut or bruk som ekspedisjonslokale i 1863 av di stasjonen vart flytta i samband med at Kongsvingerbanen vart bygd, og i 1987 vart bygningen rive. Stasjonsbygningen i naturstein som markerer seg i bybiletet i dag, vart reist i 1930 etter teikningar av Gudmund Hoel og Arne Henriksen, og teke i bruk i 1934. Bygningen er freda, men er ikkje i ordinær bruk etter at ny stasjon var bygd i samband med bygginga av Gardermobanen i 1998. Den nye stasjonsbygningen ligg vegg i vegg med den gamle, teikna av arkitekt Arne Henriksen, og har vorte heidra med Statens byggeskikkpris. Her er det gjennomgang på tvers under spora, og oppgangar til plattformene frå gjennomgangen.
Det er to sykkelhotell (innelukka parkeringshus for syklar) knytt til stasjonen, eit på kvar side av stasjonsområdet. Husa har plass til høvesvis 394 og 412 syklar, og er tilgjengelege døgnet rundt. I det eine er det 14 plassar der elektriske syklar kan verte ladet opp.
Bakgrunnsstoff |
- Bane NOR om Lillestrøm stasjon
- Lillestrøm stasjon i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneforbund
QM14H,iU,DKjW5mQGID
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...