Distriktet Sissach
Sissach (Bezirk Sissach) | |
distrikt | |
Land | Sveits |
---|---|
Kanton | Basel-Landschaft |
Hovudstad | Sissach |
Areal | 138,29 km² |
Folketal | 33 844 (2011) |
Kommunar | 29 |
Wikimedia Commons: Sissach (district) | |
Distriktet Sissach er eitt av fem distrikt i den tysk-talande kantonen Basel-Landschaft i Sveits. Distriktet har 33 844 innbyggarar pr 31. mars 2011 og dekker eit areal på 138 km². Sissach grensar i nord og aust til kantonen Aargau og i sør til kantonen Solothurn.
Distriktet Sissach omfattar 29 kommunar. Sissach og Gelterkinden er dei to kommunane med meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Anwil, Böckten, Buckten, Buus, Diepflingen, Häfelfingen, Hemmiken, Itingen, Känerkinden, Kilchberg, Läufelfingen, Maisprach, Nusshof, Oltingen, Ormalingen, Rickenbach, Rothenfluh, Rümlingen, Rünenberg, Tecknau, Tenniken, Thürnen, Wenslingen, Wintersingen, Wittinsburg, Zeglingen og Zunzgen.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Sissach (Bezirk)» frå Wikipedia på tysk, den 9. oktober 2011.
|