Woody Shaw
Woody Shaw | |
Fødenamn | Woody Herman Shaw, Jr. |
Fødd | 24. desember 1944 Laurinburg i Nord-Carolina i USA |
Død | 10. mai 1989 (44 år) |
Instrument | Trompet, flygelhorn, kornett |
Sjanger | Jazz, bebop, hard bop, post-bop, modal jazz, avant-garde jazz |
Aktive år | 1963–1989 |
Yrke | Musikar, orkesterleiar, komponist, pedagog |
Plateselskap | Columbia, Muse, Elektra, Blue Note, Fantasy, Contemporary, Concord Music Group |
Woody Herman Shaw, Jr. (24. desember 1944–10. mai 1989) var ein amerikansk jazz-trompetist, komponist og orkesterleiar. Han var mellom dei fremste amerikanske jazz-trompetistane på 1960-, 70- og 80-talet, og toler samanlikning med t.d. Freddie Hubbard, som han også spelte inn ei plate med. Shaw er mellom anna kjend for signaturlåta «The Moontrane». Kjende album er t.d. The Moontrane (1974), Rosewood (1977), Woody III (1979) og In My Own Sweet Way (1987).
|