Karkonosze






Flyfoto av Karkonosze


Karkonosze eller Krkonoše (tsjekkisk) er ei fjellkjede i Sudetane i Sentral-Europa. Fjellkjeda vert stundom kalla Dei store fjella (tysk Riesengebirge). Namnet er gamalt, vart nemnd av Ptolemaios, og kan ha urindoeuropeisk opphav. Tydinga av namnet har vorte bevart, og på latin var namnet Gigantei montes.


Fjella strekkjer seg frå nordvest mot søraust og dannar grensa mellom Polen og Tsjekkia. Det høgaste fjellet er Śnieżka (tsjekkisk: Sněžka; tysk: Schneekoppe) med ei høgd på 1 602 meter. Fjellet ligg på den polsk-tsjekkiske grensa og er òg det høgaste i fjellet i Tsjekkia. Store område av Karkonosze er verna gjennom ein nasjonalpark i begge land. Fjella er kjend for skistadane og vert stadig meir populært som eit billigare, og for mange nærmare, alternativ til Alpane.


Viktige landsbyar i Karkonoszefjella er:




  • Karpacz, skistad i Polen


  • Szklarska Poręba, skistad i Polen


  • Špindlerův Mlýn, skistad i Tsjekkia


  • Harrachov, i Tsjekkia


  • Pec pod Sněžkou, skistad i Tsjekkia


  • Przesieka i Polen


  • Kowary i Polen



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Karkonosze» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2007.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karkonosze



  • Skiferie i Karkonosze

  • Krkonose-området

  • Bilete frå Karkonosze

  • Turistinformasjon





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva