Biri er ein tettstad i Gjøvik kommune. Staden har 1 507 innbyggjarar per 1. januar 2017. Biri ligg ved Mjøsbrua på vestsida av Mjøsa, midtvegs mellom Lillehammer og Gjøvik. Staden er tradisjonelt ei jordbruks- og skogbruksbygd, men mange av innbyggjarane arbeider i dei nærliggjande mjøsbyane.
Skiprodusenten Madshus starta opphavleg i gamle Vardal kommune, men held i dag til på Biri.
Biri travbane
På Biri ligg Biri travbane og Biri kyrkje.
Innhaldsliste
1Biri kommune
2Kjende biringar
3Sjå òg
4Kjelder
Biri kommune |
Biri kommune vart oppretta i 1910 og har vore ein del av Gjøvik kommune etter kommunesamanslåing i 1964.[1]
Kjende biringar |
Torbjørn Løkken, kombinertløpar på ski.
Sjå òg |
Tettstader i Oppland
Kjelder |
↑Dag Juvkam (1999). «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» (PDF). Statistisk sentralbyrå.
SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Oppland»
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...