Eirik Blodøks





































Eirik Blodøks
Coin of Eric Bloodaxe Norse king of York 952 954.jpg
Mynt slått under Eirik Blodøks som konge av Jorvik (York)
Konge av Noreg
Regjeringstid
931 til 933.
Fødd om lag 895
Død 954
Øya Storbritannia
Føregjengar Harald I Hårfagre
Etterfølgjar Håkon I Adalsteinsfostre
Gift med Gunnhild Ossursdotter
Born Med dronning Gunnhild:

  • Gamle Eiriksson

  • Guttorm Eiriksson

  • Harald Gråfell

  • Ragnfrød Eiriksson

  • Ragnhild Eiriksdotter

  • Erling Eiriksson

  • Gudrød Eiriksson

  • Sigurd Sleva

  • Ragnvald Eiriksson



Eirik I med tilnamnet Blodøks (885–954) var son av Harald Hårfagre. Han var konge av Noreg frå 933 til 935.


Det er ukjent korleis Eirik fekk tilnamnet Blodøks (Eiríkr blóðöx). Det kan ha vore fordi han kjempa mot fleire av brørne sine og drap dei. Men ei anna forklaring kan vera at han var rekna som ein dyktig krigar.



Livssoge |


Eirik Blodøks var eldste son av Harald Hårfagre og Ragnhild Eiriksdotter. Hjå Tore Roaldsson på Svanøy i Fjordane var han det meste av oppveksttida si.




Dronning Gunnhild får bod om at Eirik Blodøks er daud. Illustrasjon av Christian Krogh til Håkon den godes saga (1899).


Han vart gift med Gunnhild Ossursdotter. Ho vart skulda for å vera trollkvinne, og sogeskrivarane omtala kong Eirik og dronning Gunnhild som tilnærma vonde. Mellom anna var dei lenge i strid med Egil Skallagrimson. Eirik er hovudsakleg omtala i Islendingesogene og i Heimskringla.


Eirik var kjend som ein stor krigar og hærmann. Allereie som 12-åring drog han i hærferd, med fem langskip. Han var på fleire hærferder både i Aust- og Vesterveg.


Eirik fekk overdrege kongsmakta frå faren då Harald var 80 år. Eirik tok tidleg livet av fleire av brørne sine, mellom anna Bjørn Farmann. Han vart så i sin tur driven ut av landet av ein yngre bror. Håkon den gode (Adalsteinsfostre) jaga Eirik då han kom heim frå England. Dei norske hovdingane var då særs lei av framferda til Eirik, så dei slutta opp om Håkon.


I England fekk Eirik Nordimbraland (Northumberland) i len av kong Adalstein. Han busette seg der med familien sin, i Jorvik (York). Herifrå vart han driven vekk i 941 av Edmund, bror av kong Adalstein, etter at han hadde halde fram med framferda si, og han gjorde så fleire plyndringstokt i Irland og Bretagne. Eirik Blodøks fall i eit slag i Stainmoor mot kong Eadred i 954.



Historie |


Då Harald Hårfagre i år 930 fylte 80 år gav han styret heilt frå seg til sonen Eirik. Dette er nokolunde historisk og kronologisk sikkert.


Eirik har med flåten og hirden sin av røynde veteranar vore sterkare enn motstandarane. Han synest å ha sigra lett over dei på Møllebakken, som no er den austlege delen av Tønsberg by. Der fall både Sigrød og Olav, og truleg er det deira gravhaugar ein fann i 1823 i den nordlege delen av Møllebakken.


Eirik Blodøks var faren sin favoritt, foran brørne, til å bli norsk konge mellom 933 – 935.


Eirik var gift med den danske kongsdottera Gunnhild Ossursdotter. Ho blei skulda for å vera trollkvinne, og sogeskrivarane omtalar kong Eirik og dronning Gunnhild som vonde. Dei fekk borna Gamle, Guttorm, Harald (Gråfell), Ragnfrød, Ragnhild, Erling, Gudrød og Sigurd Sleva.


Både kongen og dronninga var brutale. Kongen hadde eit ustyrleg sinne, og var uvenleg og tagal. Dronninga var vakker, trollkunnig og ein intrigemakar.


Eirik Blodøks regjerte personleg direkte over resten av det seinare Gulatingslag så lenge han levde. Han styrte også Vika og Vestfold som len under den danske kongen og som undersått under han, tilsynelatande fritt og kvitt og utan leidangsplikt, som Gunhilds medgift.


Kong Eirik brende og plyndra og fór så ille åt at dei norske høvdingane ikkje fann seg i det lenger. Han kravde meir makt enn nokon ville gi han. Dei norske høvdingane slutta seg til den yngste broren, Håkon, då han kom heim frå England.


Olavs son Trygve og Bjørn Farmanns son Gudrød flykta til Opplanda. Dei blei seinare begge drepne av Eirikssønene i 963. Gudrød hadde då gjort seg til herre over Vestfold og Trygve over Vika. Resten av sommaren nytta Eirik til å styrkje herredømmet sitt i Vika og Vestfold.


Resten av Austlandet synest å ha bestått av heilt uavhengige og suverene bonderepublikkar. Og det blei det neppe noka særleg endring på før under Olav Digre. Det som låg nordanfor Møre synest Sigurd jarl å ha styrt heilt suverent til han døydde i 963.


Eiríksmál blei dikta til ære for han på oppdrag frå Gunnhild.


Sønene hans er kjende som eirikssønene.



Kjelder |



  • Norgesglasset i NRK





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva