Examen artium




Examen artium er namnet på den endelege prøva eller vitnemålet i det gamle linjedelte gymnaset (vidaregåande skole før ca. 1980).
Namnet er avleidd frå latin examen og artes, eigentleg artes liberales, ‘dei frie kunstene’.[1]



Historie i Noreg |


Fram til 1883 avla ein examen artium ved universitetet, seinare ved gymnas.[1]
Ved innføringa av lov om videregående opplæring av 1974 fall nemninga bort. Nokre av vitnemåla frå allmennfagleg studieretning dei første åra i tradisjonell struktur vart òg skrivne ut som «examen artium». Vitnemål for examen artium blei siste gong skrive uti 1982.[1]


På folkemunne blir det ofte framleis sagt at ein person «har tatt examen artium» når han eller ho har gått ut av treårig vidaregåande skole med allmenne, økonomiske og administrative fag, og har oppnådd generell studiekompetanse (GSK) på denne måten. GSK er ofte eit krav for å få bli tatt opp til høgare utdanning.



Kjelder |




  1. 1,01,11,2 «examen artium». Store norske leksikon (på norsk). 2018-02-20. 








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva