Billy Mills

Multi tool use
Billy Mills
|

|
Fødd |
30. juni 1938 Pine Ridge
|
Yrke |
offiser, maratonløpar, langdistanseløpar
|
Billy Mills på Commons
|
Billy Mills, eigentleg William Mervin Mills, (fødd 30. juni 1938) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Pine Ridge i Sør-Dakota som vart olympisk meister på 10 000 m i 1964. Han er lakota-indianar, og var den første urinnvånaren i USA som tok OL-gull.
Aktiv |

Billy Mills passerer mållinja i Tokyo 1964
Verdsrekordhaldaren, australiaren Ron Clarke var med sine 28.15,6 stor favoritt framom 10 000-meteren under sommarleikane 1964 i Tokyo. Pjotr Bolotnikov frå Sovjetunionen og Murray Halberg frå New Zealand vart rekna som dei sterkaste utfordrarane til Clarke.
Clarke opna som venta i høgt tempo og drog feltet heile vegen. To rundar før mål var det berre to løparar som heldt fylgje med Clarke, Billy Mills og tunisiaren Mohammed Gammoudi. Begge desse løparane hadde personlege rekordar på 29-talet. Gammoudi og spurtsvake Clarke vart passerte av Mills på siste langside. Mills vann løpet med tida 28.24,4, ei personleg rekordforbetring på nær 50 sekundar. Sigeren var den største overraskinga i Tokyo-leikane, og er ein av dei største sensasjonar i internasjonal friidrett nokon gong. Seinare i 1964-Ol vart Mills nummer 14 i maraton.
I 1965 forbetra Mills den USA-amerikanske rekorden på 10 000 meter til 28.17,6, ei tid som gav han tredjeplass på verdsstatistikken på distansen.
Spelefilmen Running Brave frå 1984, byggjer på Billy Mills sitt liv.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Billy Mills» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2014.
Autoritetsdata |
- WorldCat
- VIAF
- GND
- LCCN
- ISNI
- NDL
|
|
W8D2UmNXC1YO9vBdIK
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...