W.A.B. Coolidge

Multi tool use
William Augustus Brevoort Coolidge (28. august 1850–8. mai 1926) var ein US-amerikansk fjellklatrar, historikar og anglikansk teolog.
Cooldige var fødd i New York i USA, son til ein forretningsmann frå Boston. Etter studiar av historie og jus i Concord i delstaten New Hampshire, på Guernsey og i Oxford, underviste han i historie fram til 1881, og vart prest i den anglikanske kyrkja i 1883. To år etter slo han seg ned i Grindelwald i Sveits, der han han livnærte seg som skribent og publisist til han døydde 41 år seinare. Mellom anna var han redaktør av britisk Alpine Journal, utgitt av Alpine Club.
Coodlidge var ein av dei leiande fjellklivarane i den såkalla sylvalderen i fjellklartringa, tida etter 1865. Gjennom tre tiår farta han rundt i dei sveitsiske, franske og italienske Vets-Alpane og stod for ei rad fyrstebestigningar, ofte i lag med fjellføraren Christian Almer. Saman med morsystera, nederlandske Meta Brevoort, og fjellførarane Christian og Ulrich Almer, far og son, kleiv dei i januar 1874, som dei fyrste vinterturistane, til topps på Jungfrau i Berner Oberland.
Hunden Tschingel, som Coolidge fekk av Almer, tok del i vinterturen til Jungfrau og 30 andre turar til stortoppar i Alpane, 11 av dei fyrstebestingingar. Tschingel vart utnemnd til heidersmedlem i Alpine Club, som det einaste hokjønnet i si samtid.
Fyrstebestigingar i Alpane |
Piz Badile, 27. juli 1867, med François Devouassoud og Henri Devouassoud[1]
Ailefroide, 7. juli 1870, med Christian Almer og Ulrich Almer
- Midttoppen på La Meije, 1870, med Meta Brevoort og tre fjellførarar
Unterbächhorn, 1872
- Fyrste vintertur på Jungfrau, januar 1874, med Christian og Ulrich Almer
- Vesttopen på Les Droites, 16. juli 1876, med Christian og Ulrich Almer
- Pic Coolidge, juli 1877, med Christian og Ulrich Almer
Les Bans, 14. juli 1878, med Christian og Ulrich Almer
- Sørtoppen på Aiguilles d'Arves, 22. juli 1878, med Christian og Ulrich Almer
Monte Matto, 14. juli 1879, med Christian og Ulrich Almer
Aiguille de Chambeyron, 1879, med Christian Almer
Scherbadung, 1886
Chüebodenhorn, 1892
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «W. A. B. Coolidge» frå Wikipedia på tysk, den 29. desember 2015.
- Denne artikkelen bygger på «W. A. B. Coolidge» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2015.
Autoritetsdata |
- WorldCat
- BIBSYS
- VIAF
- GND
- LCCN
- ISNI
- BNF
- BNF (data)
- SUDOC
- HDS
|
|
↑ Robin Collomb, Bregaglia West, Goring: West Col Productions, 1988
uHF4 bW8U4,1a3ECVpS
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...