Bjørn




For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bjørn (fleirtyding).






















Bjørnar

Polar Bear AdF.jpg
Isbjørn


Vitskapleg namn

Ursidae

Fischer, 1817




Utbreiing



Habitat: terrestrisk




Utbreiing: heile verda (bortsett frå Oseania og Antarktis)


Systematikk

Rike: Animalia

Rekke: Chordata

Klasse: Mammalia

Orden: Carnivora




Slekter


  • Ailuropoda

    • Ursus

    • Tremarctos


    • Arctodus (utdøydd)




  • Bjørnefamilien (Ursidae) er ein familie av store, tunge rovpattedyr som ofte òg livnærer seg med plantekost. Nokre artar går i hi om vinteren.


    Det har vore bjørnar på alle kontinenta, bortsett frå Australia og Antarktis, men det finst flest av dei på den nordlege halvkula. I Noreg lever brunbjørnen på fastlandet og isbjørnen mellom anna på Svalbard. I Skandinavia finst det i dag mellom 1 200 og 1 500 individ av brunbjørnen.




    Innhaldsliste






    • 1 Skildring


    • 2 Bjørn i kulturen


    • 3 Nolevande bjørnar


    • 4 Kjelder


    • 5 Bakgrunnsstoff




    Skildring




    Springande brunbjørn.


    Bjørnane veg mellom 300 og 800 kg. Dei har tunge kroppar og kraftige lemmer. Labbane er breie med klør som alltid er ute, snuten er lang og halen er kort. Dyra er kjenneteikna av tjukk pels som kan ha ulike fargar, gjerne svart, raud eller kvit, og av og til med kvite teikningar på brystet eller i fjeset.


    Dyra brukar tennene som reiskapar og til å forsvara seg. Dei kan mellom anna bruka klørne til å grava opp røter, riva opp termittuer eller bikuber, og fanga bytte.




    Ståande leppebjørn.


    Samanlikna med dei andre rovdyra er bjørnane trege, men dei kan likevel koma opp i ein fart på 50-60 km/t. Òg til forskjell frå andre rovdyr går dei på heile bakfoten, og ikkje berre tærne.




    Byvåpenet for Berlin viser ein ståande bjørn.



    Bjørn i kulturen


    Bjørnar har lenge imponert menneska med storleiken og styrken sin, og dei er blitt dyrka som totemdyr i fleire kulturar. Fleire norske namn inneheld ordet «bjørn», og det finst fleire namn som viser til dyret åleine, til dømes Ursula , Bera og sjølve namnet Bjørn. Ein har teke dyret til beskyttar for fleire byar og finn det på fleire våpenskjold, og Russland har lenge vore symbolisert gjennom den russiske bjørnen.


    I nyare tid, då bjørnejakt ikkje lenger er eit livsfarleg vågestykke, er det lagt meir vekt på den søte utsjånaden til bjørnar. Teddybjørnar og liknande kosedyr er blitt utbreidde og populære leiketøy, og koselege bjørnar er hovudpersonar i fleire historier for barn.



    Nolevande bjørnar





    Raud panda




    • Underfamilien Ailurinae


      • Kjempepanda (Ailuropoda melanoleuca )


      • Raud panda (Ailurus fulgens )



    • Underfamilien Ursinae


      • Brunbjørn (Ursus arctos)


      • Isbjørn (Ursus maritimus)


      • Asiatisk svartbjørn (Ursus thibetanus)


      • Amerikansk svartbjørn (Ursus americanus)


      • Malaybjørn (Helarctos malayanus)


      • Leppebjørn (Melursus ursinus)



    • Underfamilien Tremarctinae

      • Brillebjørn (Tremarctos ornatus)



    Kjelder


    • Engelsk Wikipedia

    Bakgrunnsstoff
















































    Popular posts from this blog

    What are all the squawk codes?

    What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

    Hudsonelva