Kremfløyte

Multi tool use
Kremfløyte.
Kake med krem piska av kremfløyte.

Britisk cream tea med stivna fløyte til.
Fløyte er den feittrike delen av mjølka, framstilt ved separering av heilmjølk frå ku. Fløyte med høgt feittinnhald kan piskast til krem, og blir kalla kremfløyte.
Kremfløyten vert pasteurisert før han kjem i handelen, men han vert ikkje homogonisert.
Fløyte vert bruka i mellom anna supper, sausar, gryterettar og dessertar. Fløyten kan brukast som han er til frisk frukt og bær. Ein kan òg piske kremfløyte til krem.
Innhaldsliste
1 Næringsinnhald
2 Ordsoge
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Næringsinnhald |
I Noreg inneheld kremfløyten 38 % feitt. Andre land kan ha lettare piskefløyte, med feittinnhald på 32 %, eller «dobbel kremfløyte» som inneheld 48 % feitt.
100 g Tine kremfløyte gjev om lag:
- 1491 kJ (362 kcal) energi
- 2,1 g protein
- 2,9 g karbohydrat
- 38,0 g feitt
- 75 mg kalsium
- 0,14 mg riboflavin (vit. B2)
- 530 mg vitamin A
Ordsoge |
Ordet fløyte kjem frå norrønt flautir, 'noko som flyt oppå'. Ordet krem kjem frå gallisk via fransk, der ordet tyder fløyte.
Kjelder |
- Tine
- Matvareguiden
- Nynorskordboka
Bakgrunnsstoff |
|
Mlw,n I,fMShtOqLd6v6n6muJG 1Veki qqH,wp5fhMHo5 jZOi KDVIt IbagRZp3gu1QP7m8AOMPrqNKd,d BtfKEAqbINGL 43X7