Nesflaten
| Nesflaten | |
| stad | |
| Land | |
|---|---|
Fylke | Rogaland |
Kommune | Suldal |
Postnummer | 4244 NESFLATEN |
| Preposisjon | på Nesflaten |
Nesflaten ca. 1898
Nesflaten er ei bygd i Suldal kommune i Rogaland. Lokalt vert staden kalla berre Nes. Nesflaten ligg på nordsida av Suldalsvatnet, og Riksveg 13 går på utsida bygda. Frå Nesflaten er det ca 50 km til kommunesenteret Sand i Suldal og 30 km til Røldal i Odda kommune. Om lag 80 husstandar soknar til Nesflaten.
På Nesflaten ligg Nesflaten skule som er ein kombinert barne- og ungdomsskule. På skulen har Suldal bibliotek ein filial. Like ved skulen ligg Nesflaten barnehage.
Nesflaten hadde ein oppsvingsperiode under kraftutbygginga av Røldal-Suldal på 1960-talet, ein kan sjå resultatet av det ved nokre av dei særeigne husa som blei bygd på Nes i den perioden. Arkitekt Geir Grung teikna byggjefelt og bygg for kraftanlegget i særmerkt stil. I dag er den tidlegare messa og personalhotellet omgjort til Energihotellet.
Bakgrunnsstoff |
Eldre fotografi frå Nesflaten på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Denne geografiartikkelen som har med Rogaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|