Varangerhalvøya
Varangerhalvøya (nordsamisk Várnjárga, kvensk Varenkinniemi, finsk Varangin niemimaa) er ei halvøy i Finnmark som ligg mellom Tanafjorden og Varangerfjorden, med Barentshavet i nord og aust.
Nokre av byane og tettstadene på Varangerhalvøya er Vadsø, Vardø, Berlevåg og Båtsfjord.
Innhaldsliste
1 Natur
2 Reiseliv
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Natur |
Halvøya er prega av av høgfjellsvegetasjon. Det høgaste punktet er Falkefjell på 548 moh.
I 2004 blei staden utpeika som eit kjerneområde for den utryddingstrua norske fjellreven. I 2008 blei det sett ut 27 fjellrevar på halvøya.[1]
Reiseliv |
Varangerhalvøya blir marknadsført som eit attraktiv reisemål som kan tilby både friluftsopplevingar og ulike festivalar.
Kjelder |
↑ «27 fjellrevar sett ut i Finnmark». 2018-02-17. Klassekampen. S. 9
Fjellreven skal reddes på Varangerhalvøya på nrk.no
Bakgrunnsstoff |
Varanger.com
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|