Mount Foster
Mount Foster | |
fjell | |
Mount Foster med Evlogi Peak og Antim Peak til høgre. | |
Land | Antarktis |
---|---|
Fjellkjede | Imeon Range |
Topp | Smith Island |
- høgd | 2 105 moh. [1] |
- Primærfaktor | 2 105 m ↓ [1] |
- koordinatar | |
Førstestiging | Greg Landreth |
- dato | 29. januar 1996 |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Mount Foster (Antarktis) |
Mount Foster er eit fjell med ei høgd opp mot 2105 moh. i Imeon Range på Smith Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det er det høgaste punktet i Sør-Shetlandsøyane.
Mount Foster har tre toppar, der sjølve Mount Foster er den sørlegaste. Toppen i midten er Evlogi Peak (2090 moh) og den nordlege er Antim Peak (2070 moh).[2] Greg Landreth og laget hans var dei første til å klatre fjellet, den 29. januar 1996.[3]
Fjellet er kalla opp etter kaptein Henry Foster, ein kaptein på HMS «Chanticleer» som utforska Sør-Shetlandsøyane i 1829.
Mount Foster er knytt via Zavet Saddle til Slaveykov Peak i sørvest og ligg oppom Bistrabreen i vest, Chuprenebreen i nord-nordvest, Rupitebreen i aust, Landrethbreen mot søraust og Dragomanbreen i sør-søraust. Fjellet ligg 5,5 km nordaust for Riggs Peak, 2,78 km sør-søraust for Garmen Point, 7,64 km sørvest for Mount Pisgah og 3,86 km nord-nordvest for Ivan Asen Point.
Sjå òg |
- Imeon Range
- Smith Island
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Mount Foster» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Composite Gazetteer of Antarctica: Mount Foster- «Mount Foster i Antarktis» on Peakbagger
↑ 1,01,1 «Antarktis Ultra-Prominences" Peaklist.org. Henta 18. april 2013.
↑ L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4
↑ News from Antarctica: Mount Foster’s first ascent.
|