Ben




Ben er ein namnedel og eit kortnamn som kan brukast av menn og kvinner. I Noreg er det eit mannsnamn og har namnedag den 30. august. Ein annan skrivemåte er Benn.




Innhaldsliste






  • 1 Avleiing


  • 2 Namneberarar


  • 3 Annan bruk


  • 4 Kjelder





Avleiing |


På hebraisk tyder ben 'son av'. Det er vanleg i patronym, uttrykk og i nokre samansette namn, som Benjamin og Benoni. Det same ordet på arameisk er bar, på arabisk ofte bin eller ibn.


Det sjølvstendige namnet Ben er ei vanleg kortform for namn som byrjar med Ben-, som Benjamin, Benedikt og Bennett.


«Ben», frå gælisk beinn, 'fjell', er også ein vanleg del av namn på britiske fjell, som Ben Nevis og Ben More.



Namneberarar |




  • Benjamin «Ben» Jonson (1572–1637), engelsk forfattar


  • Ben E. King (f. 1938), amerikansk songar


  • Ben Bernanke (f. 1953), amerikansk økonom og sentralbanksjef i USA


  • Benn Harald Eidissen (f. 1958), norsk forretningsmann


  • Ben Okri (f. 1959), nigeriansk-engelsk forfattar


  • Ben Stiller (f. 1965), amerikansk komikar og skodespelar


  • Ben Affleck (f. 1972), amerikansk skodespelar



Annan bruk |




  • Big Ben er kallenamnet på klokketårnet på Westminsterpalasset i London


  • Ben-Hur er ein amerikansk film frå 1959 regissert av William Wyler.



Kjelder |




  • Mills, A. D. (2003), A Dictionary of British Place-Names, Oxford University Press 


  • Coogan, Michael D. (1993), «Ben», i Bruce M. Metzger and Michael D. Coogan, The Oxford Companion to the Bible, Oxford University Press Inc 




Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?