Sula fyrstasjon
Sula fyrstasjon Foto: Banangraut | |
Fylke | Trøndelag |
---|---|
Kommune | Frøya |
Funksjon | Kystfyr |
Oppretta | 1793/1909 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 13,0 |
Form | Fyrbygning med åttekanta tårn |
Byggjemateriale | Betong |
Fyrlys | |
Lyskarakter | Rundtlysande med tre blink kvart 30. sekund. |
Lyshøgd | 45,0 moh |
Lysvidde | 18,0 nm |
Status | |
Eigar | Staten |
Automatisert | 1974 |
Avfolka | 1974 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
Sula fyrstasjon er eit fyr som ligg ved fiskeværet Sula i Frøya kommune i Trøndelag.
Fyrstasjonen er ein del av ei rekkje fyrstasjonar langs Trøndelagskysten i lag med Vingleia, Finnvær og Halten fyrstasjon. Det vart bygd to fyrtårn her i 1793 og 1804. Det noverande åttekanta tårnet i betong vart ført opp i 1909. Det vart då sett inn ei 2. ordens fransk lynblinklinse som framleis er i bruk.
I tillegg til fyrtårnet finst bustad, uthus, naust og landing. Fyret vart automatisert i 1974. Hausten 2005 vart fyret kjøpt av stiftinga Sula Fyr, som har restaurert stasjonen og leiger fyrbustaden ut til overnattingsgjester.
Klima |
Meteorologisk institutt hadde ein vêrstasjon på Sula fyr frå desember 1932 til desember 1974. Denne vart flytta eit stykke bort frå fyret i 1975 og ligg i dag 5 meter over havet.
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Temperatur (°C) | 1,5 | 1,5 | 2,5 | 4,5 | 8,5 | 10,8 | 12,3 | 12,7 | 10,4 | 7,9 | 4,3 | 2,5 | 6,6 |
Nedbør (mm) | 119 | 100 | 102 | 71 | 52 | 61 | 76 | 83 | 129 | 141 | 126 | 140 | 1200 |
Sjå òg |
- Fyr i Noreg
Kjelder |
«Norsk fyrliste 2008 - side 410» (PDF - 15 mb). Kystverket.
«Sula fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Vis Sula fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fyr i Trøndelag | |
---|---|
Agdenes · Asenvågøy · Buholmråsa · Børøyholmen ·Ellingråsa · Finnvær · Gjæslingan ·Grinna · Halten · Kaura ·Kjeungskjær · Kya · Nordøyan · Nærøysund · Prestøy · Rødberg tåkeklokke · Sklinna ·Sletringen · Sula · Terningen ·Villa · Vingleia |