Molekylmasse






Om ein reknar at hydrogen og oksygen har standardvekt i denne figuren, så er molekylmassen 18,01528 u.


Molekylmasse (forkorta M) til eit stoff, ofte omtalt som den eldre nemninga molekylvekt og forkortinga MW, er massen til eitt molekyl i stoffet, relativt til atommasseeininga u[1] (lik 1/12 av massen til ein isotop av karbon-12[2]). Dette skil seg frå relativ molekylmasse som er forholdet mellom massen til molekylet og 1/12 av massen til karbon-12, og er eit dimensjonslaust tal. Relativ molekylmasse har forkortinga Mr.


Molekylmasse skil seg frå meir vanlege målingar av masse, som molmasse, ved at ein tar omsyn til isotop-samansetninga til eitt molekyl i staden for den gjennomsnittlege isotopfordelinga til mange molekyl. Som følgje av dette er molekylmasse eit meir presist tal enn molmasse, men det er likevel meir nøyaktig å nytte molmasse på større prøvar. Dette tyder at det oftast er mest nyttig å nytte molmasse, bortsett frå når ein ser på eitt enkelt molekyl.



Sjå òg |



  • Avogadrotalet

  • Atommasseeining

  • Absolutt molmasse

  • Monoisotopisk masse

  • Mol

  • Relativ molekylmasse



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Molecular mass» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. [1]


  2. Calculate Molecular Weight - Molar Mass Calculator - Chemistry Online Education







Bakgrunnsstoff |


  • Molekylmassekalkulator




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva