Virgilijus Alekna

Multi tool use
Virgilijus Alekna (fødd 13. februar 1972) er ein diskoskastar og olympisk meister frå Litauen. Alekna har ein personleg rekord på 73,88 frå Kaunas i 2000, noko som er det nest lengste diskoskastet i verda nokonsinne. Berre Jürgen Schult frå Aust-Tyskland har kasta lengre.
Karriere |
Alekna har også delteke i kulestøyt, men har utmerkt seg størst innan diskos. Han deltok under sommar-OL 1996 i Atlanta, men kom på 5. plass med eit kast på 65,30. Hans fyrste medalje i ei større internasjonal tevling var under VM i friidrett 1997 i Aten, der han tok sølv bak tyskaren Lars Riedel og framfor tyskaren Jürgen Schult. Alekna tok bronse under EM i friidrett i Budapest året etter.
Den fyrste olympiske medaljen han tok, var under sommar-OL 2000 i Sydney. Her vart Alekna olympisk meister med eit kast på 69,30, framfor Lars Riedel og Frantz Kruger, frå Sør-Afrika. Alekna tok VM-sølv i Edmonton i 2001, EM-sølv i München i 2002 og vart verdsmeister i Paris i 2003. Her kasta han 69,69.
Under sommar-OL 2004 i Aten gjekk Alekna til topps igjen. Her sette han den framleis gjeldande olympiske rekorden med eit kast på 69,89, nesten to meter framfor sølvvinnaren Zoltán Kővágó frå Ungarn. Aleksander Tammert frå Estland tok bronse. Året etter vart Alekna verdsmeister med eit kast på 70,17 framfor estiske Gerd Kanter og tyske Michael Möllenbeck. Under EM i friidrett 2006 vart Alekna igjen europameister framfor estarane Kanter og Tammert.
Virgilijus Alekna tok også medalje under sommar-OL 2008 i Beijing. Her kasta han 67,79 og kom på tredjeplass bak Piotr Małachowski frå Polen og gullvinnaren Gerd Kanter. Under sommar-OL 2012 i London enda han på fjerdeplass med eit kast på 67,38.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Virgilijus Alekna» frå Wikipedia på engelsk, den 10. august 2012.
QStTBvoX3qVQqIGxHFcuhk8,o a2JZa1IM
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...