Det pakistanske forsvaret






Soldatar frå det pakistanske militæret tek imot George W. Bush.


Det pakistanske militæret er ei forsvarsstyrke og ei politisk makt i Pakistan. Med rundt 619 000 personell i aktiv teneste er det pakistanske militæret det sjuande største i verda (2007). Om ein legg til dei 302 000 medlemmene i paramilitære styrkar og den pakistanske kystvakta har militæret nesten 1 million personell.


Menn og kvinner mellom 16 og 49 år kan bli med i militæret, som ikkje bygger på verneplikt.


Det pakistanske forsvaret er delt inn i



  • Den pakistanske hæren

  • Den pakistanske marinen

  • Det pakistanske luftvåpenet

  • Pakistanske paramilitære styrkar

  • Den pakistanske kystvakta

  • «National Command Authority», ansvarleg for rakettar og atomvåpen


Det pakistanske forsvaret har teke del i fleire væpna konfliktar med India. Det har også hatt mindre grensetrefningar med Afghanistan. Det har teke del i Midtausten-konflikten på arabisk side, og i den første Gulfkrigen på koalisjonssida. Forsvaret har også send SN-styrkar til land som Kongo, Liberia, Burundi, Elfenbeinskysten og Sudan.



Bakgrunnsstoff |



Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva