Steven Wilson Richard Barbieri Gavin Harrison Colin Edwin John Wesley (berre på konsertar)
Tidlegare medlemmer
Chris Maitland
Porcupine Tree er eit engelsk band med opphav i Hemel Hempstead i Hertfordshire i England. Musikken deira er ein kombinasjon av rock, metall og alternativ. Frontfigur Steven Wilson kommenterte ein gong: «I like so many different types of things, and they all go into the melting pot, if you like, that produces the music of Porcupine Tree.»[1]
Gjennom 90-talet var musikken mest psykedelisk, men også med element av elektronisk musikk, grunna at Steven Wilson og Richard Barbieri hadde ein stor fascinasjon for band som Tangerine Dream, Neu! og Can.
Etter utgivinga In Absentia (2002), starta bandet å utforska tyngre musikk på platene, med inspirasjon frå blant anna Opeth.
Når dei speler konsertar nyttar Porcupine Tree ein storskjerm der dei prosjekterer video og bilder spesielt laga til den songen som blir spelt. Dette verkemiddelet tok dei i bruk under "In Absentia"-turneen, då dei starta å jobbe med den danske fotografen og filmlagaren Lasse Hoille. Dette blei raskt eit varemerke under konsertane til Porcupine Tree.
Sjølv om bandet har platekontrakt med Roadrunner og Atlantic, har dei også sitt eige plateselskap, Transmission. Dette stifta dei i 2003, og nyttar det til konsertutgivingar og begrensa utgåver, primært for fansen. Porcupine Tree har og ei offisiell vevside dedikert til deira plater, tilfang, osb, nemleg Burning Shed.
Innhaldsliste
1Diskografi
1.1Studioalbum
2Kjelder
3Bakgrunnsstoff
Diskografi |
Porcupine Tree har så langt gitt ut ni studioalbum.
Studioalbum |
On the Sunday of Life (Juli 1991)
Up the Downstair (Mai 1993)
The Sky Moves Sideways (Februar 1995)
Signify (September 1996)
Stupid Dream (Mars 1999)
Lightbulb Sun (Mai 2000)
In Absentia (September 2002)
Deadwing (Mars 2005)
Fear of a Blank Planet (April 2007)
Kjelder |
↑«The Dutch Progressive Rock Page». Henta 2007-01-07.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...