Nasaret Illit




Koordinatar: 32°43′N 35°20′E
























































Nasaret Illit

נָצְרַת עִלִּית, ناصيرات عيليت (Nasirat Illit), الناصرة العليا (An-Nasira-l-ʻolya)
by

Green Stadium05.jpg






Våpenskjold



Namneopphav: Øvre Nasaret

Land

Flag of Israel.svg Israel

Distrikt

Nord

Koordinatar

32°43′N 35°20′E

Areal
32,52 km²

Folketal
40 800 (2009)
Folketettleik

1 255 / km²


Grunnlagd
1954–56
 - Bystatus

1974
Borgarmeister
Shimon Gafsou[1]




Israel location map.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Nazareth Illit


Nasaret Illit (hebraisk נָצְרַת עִלִּית, Øvre Nasaret) er ein by i Det nordlege distriktet i Israel. Mot slutten av 2007 hadde han eit folketal på 40 800.[2] Nasaret Illit vart grunnlagd i 1957. Han var planlagt som ein jødisk by med utsyn over den arabiske byen Nasaret og Jezreeldalen.[3]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Demografi


  • 3 Økonomi


  • 4 Forbod mot juletre


  • 5 Idrett


  • 6 Venskapsbyar


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Historie |




Jezreeldalen frå Nasaret Illit.


Planlegginga av Nasaret Illit starta tidleg i 1950-åra då utviklingsbyar som Karmiel og Beit She'an vart grunnlagd. Det var økonomi- og tryggleiksårsaker for å utvikle ein by i denne regionen.[4]


Det vart ekspropriert ein parsell på kring 1,2 kvardratkilometer med land, kring halvparten innafor kommunegrensa til Nasaret, i 1954, basert på ei lov som gav løyve til eksproprieringar for offentlege føremål. Protestar mot denne handlinga gjekk heilt til høgsteretten i Israel, som i 1955 aksepterte orda til staten om at dei berre skulle reise statlege anlegg på landområdet. Det var då likevel avgjort at berre 109 dekar skulle setjast av til offentlege bygg, og resten skulle nyttast til bustadområde. Dei første husa var ferdige i september 1956 og dei første innbyggjarane flytta inn seinare det året.[5]



Demografi |




Øvre Nasaret rådhus


I følgje SSB bestod folkesetnaden i 2001 av 91,0 % jødar og andre ikkje-arabarar og 9,0 % arabarar (2,3 % muslimar og 6,7 % kristne). I 1990-åra var Øvre Nasaret den byen i landet som utvikla seg raskast, med ein vekstrate på nesten 70 %. Nykomarar omfatta mellom andre emigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen og Sør-Amerika, i tillegg til nokre unge par.[3] I 2012 utgjorde arabarane 17 % av dei 40 000 innbyggjarane i byen.[6]



Økonomi |





Strauss-Elite-fabrikken i Nasaret Illit.


Sjokoladefabrikken til Strauss-Elite tilset meir enn 600 arbeidarar.[7]



Forbod mot juletre |


I 2010 nekta borgarmeisteren Shimon Gapso å la dei kristne arabarane å setje opp juletre på byplassane i dei arabiske og muslimske bydelane, og sa at det var «provoserande» og at Nasaret Illit var ein jødisk by. Arabarane svarte at jødar, kristne og muslimar levde der i fred og at føremålet med å pynte eit tre var å spreie glede. Borgarmeisteren vart skulda for rasisme. Han fortalte ei lokal arabisk avis at om han ahdde vore til stades under kampane mellom israelarar og arabarar der i 2000, så hadde fleire arabarar vorte drepen.[8][9]



Idrett |


Hapoel Nasaret Illit er det største fotballaget i byen. Dei rykka opp til den øvste divisjonen i 2003, men rykka ned at i 2006 til Liga Leumit, det nest øvste nivået, der dei spelar i dag.[10] Det andre fotballaget i byen, F.C. Nasaret Illit, spelar i Liga Gimel.


Basketball-laget i byen er Hapoel Nasaret Illit og spelar på det fjerde nivået i seriesystemet i Israel.



Venskapsbyar |


Nasaret Illit er venskapsby med:




  • Flagget til Argentina San Miguel de Tucumán i Argentina


  • Flagget til Tyskland Leverkusen i Tyskland


  • Flagget til Austerrike Klagenfurt i Austerrike


  • Flagget til Ungarn Győr i Ungarn


  • Det amerikanske flagget Detroit i USA


  • Flagget til Ukraina Tsjernivtsi i Ukraina


  • Flagget til Frankrike Saint-Étienne i Frankrike


  • Flagget til Romania Alba Iulia i Romania


  • Flagget til Serbia Kikinda i Serbia



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Nasaret Illit» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. A message from the mayor


  2. «Table 3 - Population of Localities Numbering above 2,000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 14. oktober 2014. 


  3. 3,03,1 A City with Character, Jerusalem Post


  4. G. Forman: Military Rule, Political Manipulation, and Jewish Settlement: Israeli Mechanisms for Controlling Nazareth in the 1950s, The Journal of Israeli History, Vol. 25, No. 2 (2006) 335-359.


  5. Forman, p349.


  6. Our Canadian friend, The Jerusalem Post


  7. Nazeret Illit


  8. Christmas trees 'provocative:' Nasaret suburb's mayor, AFP, Dec 22, 2010


  9. Christmas Trees Are Still Banned in Nasaret Illit, Rebecca Greenfield, The Atlantic Wire, Dec 20, 2011


  10. Om Nazeret Illit







Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettside




















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva