Tom Sawyer av Rush














































Tom Sawyer
Singel av Rush
frå albumet Moving Pictures


B-side
«Witch Hunt» (USA)
«A Passage to Bangkok» (UK)

Utgjeve
28. februar 1981

Innspelt
oktober - november 1980 i Le Studio i Morin Heights i Quebec

Sjanger

Progressiv rock, hardrock

Lengd
4:33

Selskap

Mercury

Låtskrivar(ar)

Geddy Lee, Neil Peart, Alex Lifeson, Pye Dubois

Produsent

Rush and Terry Brown

Rush-kronologi
«Entre Nous»
(1980)

Tom Sawyer
«Limelight»
(1981)




«Tom Sawyer» er ein song av det kanadiske rockebandet Rush, kalla opp etter rollefiguren til Mark Twain. Songen vart gjeven ut av Mercury Records og PolyGram i 1981 på Moving Pictures og fleire samlealbum i ettertid. Han finst òg på mange konsertalbum.


Musikken er tungt baset på synthesizeren til Geddy Lee og trommene til Neil Peart. Geddy Lee har kalla songen «det definitive musikkstykket frå det tidlege 80-talet».[1] Det er ein av dei mest kjende songane til Rush og vert ofte spelt på classic rock-radio. Han nådde 25. plass på singellista i Storbritannia i oktober 1981[2] og 44. plass i USA.[3] I 2009 vart han kåra til den 19. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[4]


«Tom Sawyer» byrjar i 4/4-takt og byter til 7/8-takt og 13/16 takt i instrumentaldelen, før han går attende til 4/4 og så til 7/8 att mot slutten.




Innhaldsliste






  • 1 I populærkultur


    • 1.1 I film


    • 1.2 I fjernsyn




  • 2 Andre versjonar


  • 3 Kjelder





I populærkultur |



I film |




  • Fanboys (òg med «Limelight»)


  • Rob Zombie sin Halloween[5]


  • I Love You, Man (som òg har med «Limelight»)

  • Small Soldiers


  • Adam Sandler sin The Waterboy[6]


  • Ari Gold sin Adventures of Power[7]



I fjernsyn |




  • Chuck,[8]

  • Bandet framførte songen på The Colbert Report i juli 2008, den første framføringa deira på amerikansk TV på 33 år.[9]

  • Everybody Hates Chris

  • Family Guy

  • Freaks and Geeks

  • Fringe

  • Futurama

  • The Hard Times of RJ Berger

  • Denne songen erstatta den originale kjenningsmelodien til MacGyver i den originale kringkastinga i Brasil.[10]

  • Regular Show

  • The Sopranos

  • Trailer Park Boys



Andre versjonar |


Songen er òg vorte spelt av artistar som The Aquabats, The Bad Plus, Barenaked Ladies, Deadsy, The Lost Fingers, Mindless Self Indulgence, Rage, Run for Cover, Sebastian Bach


Songen vart sampla av Young Black Teenagers i 1994 på deira «Time To Make The Dough Nutz»



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Tom Sawyer (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Rush Press Conference in Puerto Rico, april 9, 2008


  2. UK Charts 1981, accessed juli 17, 2008


  3. «Rush > Charts & Awards > Billboard Singles». Allmusic. Henta 13. september 2012. 


  4. «spreadit.org music». Henta February 7, 2009. 


  5. Halloween Soundtrack on Amazon


  6. The Waterboy Soundtrack on Amazon


  7. http://andrewolson.com/Neil_Peart/adventures_of_power/interview.htm


  8. Chuck Soundtrack on IMDb


  9. Rush to Perform for the First Time on U.S. Television in Over 30 Years on 'The Colbert Report', PR Newswire


  10. Rush in television Power Windows Website Accessed juli 18, 2008
























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva