Montauban

Multi tool use
Montauban | |||
---|---|---|---|
![]() | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Midi-Pyrénées Tarn-et-Garonne |
||
Grunnlagd |
1144 |
||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
135,17 km² |
||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
51 855 384/km² |
||
Koordinatar |
Koordinatar: |
||
Høgd over havet |
87 m |
||
Tidssone |
CET (UTC+1) |
||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.montauban.com |
Montauban (Montalban på oksitansk) er ein by og kommune sørvest i Frankrike og préfecture (hovudstad) i departementet Tarn-et-Garonne 50 km nord for Toulouse.
Byen er hovudsakleg bygd i raudfarga murstein og ligg ved den høgre breidda til elva Tarn, der ho renn i hop med Tescou.
Historie |
Med unntak av Mont-de-Marsan er Montauban den eldste av bastides i Sør-Frankrike. Han vart grunnlagd i 1144 då Alphonse Jourdain, greve av Toulouse gav han mykje fridom. Innbyggjarane kom hovudsakleg frå Montauriol, ein landsby som hadde vakse opp rundt det nærliggande klosteret St. Théodard.
På 1200-talet leid byen under herjingane til katarane og av Inkvisisjonen, men i 1317 hadde han tatt seg opp så pass mykje at pave John XXII valde byen som senter for eit bispedøme, der basilikaen St. Théodard vart domkyrkja.
Med freden i Brétigny i 1360 vart byen gjeve til engelskmenna, men dei vart forvist av innbyggjarane i 1414. I 1560 slutta biskopane seg til protestantismen, forviste munkane og øydela domkyrkja. Ti år seinare vart byen ein av fire tilfluktsstader for hugenottar under Freden i Saint-Germain, og danna ein liten sjølvstendig republikk. Han var hovudkvarteret for hugenottopprøret i 1621, og stod imot ei 86 dagar lang omleiring av Louis XIII. Han kom ikkje under den kongelege makta før La Rochelle fall i 1629, då festningsverka der vart øydelagd av Kardinal Richelieu. Protestantane vart igjen forfulgt etter opphevinga av Ediktet i Nantes i 1685.
Økonomi |
Hovudnæringane til byen er handel med jordbruksvarer, hestar, fjørfe, i tillegg til planteskular, kleproduksjon, møller, trelasthandel og produksjon av møblar, silkedukar og stråhattar.
Bakgrunnsstoff |
|
M,yfRG,oMB,Y8,MTk2NvkOpUagXMtWBgsvUY9ur7ip6uOCFR9lyLrhRRbzgy t ns15E4s,d af15,FPe,m,D,HJCcZF,SHrROdU,RW5xO