Skjersjøen




































Skjersjøen

innsjø

Skjærsjøen.jpg


Foto:
C. Hill, 2007



Land

Flag of Norway.svg Noreg
Fylke

Oslo

Høgd over havet
258 moh

Areal
0,65 km²


Koordinatar

60°1′12″N 10°42′36″EKoordinatar: 60°1′12″N 10°42′36″E


Wikimedia Commons: Skjærsjøen


Skjersjøen, som ofte vert kalla Skjærsjøen, er ein regulert innsjø i Nordmarka, nordaust for Ullevålseter, 258 moh. På austsida av vatnet går ein skogsbilveg og løype mot Bjørnholt. Skjersjødammen er ei demning i utløpsosen som held vassnivået stabilt, og fører vatn i røyr til Hammeren kraftstasjon nede ved Maridalsvannet i Maridalen. Gjennom demninga renn òg Skjersjøelva ned til Maridalsvatnet, som er hovudkjelda for drikkevatn til Oslo. Både i og langs Skjersjøen, Skjersjøelva og Maridalsvannet er det forbode å forureine vatnet ved fisking, bading og anna aktivitet.


Langsetter breiddene på Skjersjøelva står det mange plassar framleis store murar av digre steinblokker som skulle lette den årlege tømmerfløytinga som gjekk føre seg i dette vassdraget tidlegare. På vestre breidda eit stykkje ned frå Skersjødammen står det òg store steinmurar etter ei oppgangssag frå 1600-talet, Kamphaugsaga.


Skjersjøen samlar vatn naturleg frå dei store innsjøane i Nordmarka, mellom anna Bjørnsjøen, Helgeren, Hakkloa og Store Sandungen. Bjørnsjøelva sørgjer for ein vesentleg del av vasstilførselen med vatn frå Bjørnsjøen (337 moh.) gjennom Bjørnsjøhelvete, eit trangt gjel der det lett oppstod vanskar under tømmerfløytinga, og difor vart namngjeve i samsvar med dette. I tillegg er det lagt røyr i fjellet frå Øyungen, slik at også dette vatnet tømmer til Skjersjøen.



Skjersjødammen |





Skjersjødammen
Foto: C. Hill, 2007



Demninga ved Skjersjøen ligg mot søraust, og regulerer vasstanden i Skjersjøen mellom ca 257 moh. og ca 260 moh. Dammen vart bygd i samband med elektrisitetskraftverket Hammeren kraftstasjon i Maridalen. Bygginga pågjekk frå 1898 til kraftstasjonen vart sett i drift i 1900.


Frå Skjersjødammen vert vatnet ført i store stålrøyr av skipskvalitet. Stålet vart kjøpt frå Skottland. Røyra vart klinka og tilpassa på staden, og er grave ned heile vegen og tildekka. Røyrgata utgjer i dag ein sti opp Skjerselvdalen.


I området er det sett opp kart som markerer område med fare for svekka is i samband med vasstandsregulering i Skjærsjødammen.



Bakgrunnsstoff |



  • skiforeningen.no: «Markadatabasen», om Skjærsjøen


  • vann-og-avlopsetaten.oslo.kommune.no: vannforsyning/vannkildene

    Spire Denne geografiartikkelen som har med Oslo å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva